François de Franquetot de Coigny
fransk marskalk From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
François de Franquetot de Coigny (16. mars 1670–18. desember 1759) var ein fransk marskalk og frå 1747 hertug av Coigny.
Bakgrunn
Han vart fødd i Coigny château nær Coutances i Normandie, som son til Robert-Jean de Coigny og Marie-Françoise de Matignon. Onkelen hans var Charles-Auguste de Goyon-Matignon, fransk marskalk og nevøen hans Jacques I av Monaco. Som faren gjekk han inn i militæret. Han vart brigader i 1702, Maréchal de camp i 1703 og generalløyntnant i 1709.
Dei mest kjende sigrane hans var ved San Pietro og Guastalla, som han vann i 1734 i lag med marskalk de Broglie mot austerrikarane i den polske arvefølgjekrigen. Han vart fransk marskalk i 1734. Under den austerrikske arvefølgjekrigen erstatta han marskalk de Broglie i 1743 for å forsvare dei franske stillingane ved Rhinen.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «François de Franquetot de Coigny» frå Wikipedia på engelsk, den 18. november 2008.
Bakgrunnsstoff
- Slektstreet til Franquetot Arkivert 2007-03-13 ved Wayback Machine.
- Huset Franquetot
- Historia til Franquetot-familien[daud lenkje]
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads