Frank Bakke-Jensen
norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Frank Bakke-Jensen (fødd 8. mars 1965 i Båtsfjord) er ein norsk politikar frå Høgre og forsvarsminister i regjeringa Solberg frå 20. oktober 2017.[1] Før det var han frå 20. desember 2016 EØS- og EU-minister.
Han var ordførar i Båtsfjord frå 2007 til han vart vald inn på Stortinget frå Finnmark fylke i 2009. Bakke-Jensen er utdanna innan skipselektronikk frå Hammerfest og Tromsø, og har bakgrunn frå skoleverket og som sjølvstendig næringsdrivande ekspeditør for Båtsfjord lufthamn.
Remove ads
Ordførar
Bakke-Jensen vart vald som ordførar i 2007, trass i at Arbeidarpartiet fekk 54,7 prosent av stemmene og ni av femten representantar i kommunestyret. Etter nominasjonsvalet hadde fleire Ap-nominerte trekt seg frå lista, og når valet var gjennomført var to av utbrytarane vald inn. Ein av utbrytarane møtte ikkje på det konstituerande møtet, men det viste seg at også det første varamedlemmet braut ut. Jensen vart dermed vald med Høgres fire, Framstegspartiets to representantar i tillegg til dei to møtande utbrytarane frå Arbeidarpartiet. Som ordførar ivra Bakke-Jensen mellom anna for at Båtsfjord skulle få eigen vidaregåande skole, drifta av kommunen sjølv.
Remove ads
Stortingskomitear
- 2009–2013: medlem i Næringskomiteen
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads