Elisabeth Aspaker
norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Elisabeth Aspaker (fødd 16. oktober 1962 i Harstad) er ein norsk politikar for Høgre. Frå 2019 er ho fylkesmann i Troms og Finnmark, med tittelen statsforvaltar frå 2021.[1]
Ho var fiskeriminister i regjeringa Solberg frå 16. oktober 2013 til 16. desember 2015 og EØS- og EU-minister i same regjering frå 16. desember 2015 til 20. desember 2016.
Ho vart vald inn på Stortinget frå Troms i 2005, og ho var vararepresentant i perioden 1993 til 2001.
Aspaker var personleg sekretær for Else Bugge Fougner i Justis- og politidepartementet frå 20. oktober 1989 til 3. november 1990. Ho var politisk rådgjevar for Kristin Clemet i Utdannings- og forskningsdepartementet frå 30. oktober 2001 til 18. juni 2004. Ho var statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet frå 18. juni 2004 til 30. september 2005.
Aspaker var fylkesvaraordførar i Troms frå 1995 til 1999. Ho har vore visepresident i Norges Idrettsforbund og Olympiske Komité.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads