Frank Zappa Meets the Mothers of Prevention
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Frank Zappa Meets the Mothers of Prevention er eit album frå 1985 av Frank Zappa. Det vart opphavleg gjeven ut som to litt forskjellige versjonar i USA og Europa.
Albumtittelen er ein referanse til lobbygrubba PMRC, som kravde at plateselskap måtte setje åtvaringsmerke på album dei rekna som støytande, og det tidlegare bandet til Zappa, The Mothers of Invention.
Remove ads
Utgjeving
Etter distribusjonsproblem med med albumet Thing-Fish, som den tidlegare Barking Pumpkin-distributøren MCA Records nekta å gje ut,[2] gjorde Zappa ein avtale med EMI Records, som gav ut Them Or Us og Thing-Fish på Capitol Records i USA.[2] Zappa skreiv ei «åtvaring» på plateomslaga til desse albuma som sa at albumet hadde innhald «som eit verkeleg fritt samfunn verken ville frykte eller undertrykke», og ein «garanti» som sa at teksten ikkje ville «føre til evig pinsle i ein stad der fyren med horn og spiss stav bur».[2]
Den originale USA-versjonen av albumet inneheld sporet «Porn Wars» — ein lydcollage med utdrag frå PMRC-høyringane. Dette sporet vart fjerna frå andre versjonar og erstatta med tre andre stykke: «I Don't Even Care», skriven av Zappa og Johnny «Guitar» Watson, og to instrumentale spor — «One Man, One Vote» (på Synclavier) og «H.R. 2911», som nyttar somme av bakgrunnsmusikken frå «Porn Wars», utan PMRC-høyringa.
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Frank Zappa, utanom der andre er nemnte.
Remove ads
Medverkande
- Frank Zappa – vokal, gitar, synclavier, produsent
- Johnny «Guitar» Watson – vokal, gitar på «I Don't Even Care»
- Ike Willis – vokal, gitar
- Ray White – vokal, gitar
- Bobby Martin – vokal, klaverinstrument
- Steve Vai – gitar
- Tommy Mars – klaverinstrument
- Scott Thunes – bass
- Chad Wackerman – trommer
- Ed Mann – perkusjon
- Moon Zappa – vokal
- Dweezil Zappa – vokal
- John Danforth – stemme på «Porn Wars»
- Ernest Hollings – stemme på «Porn Wars»
- Paul S. Trible, Jr. – stemme på «Porn Wars»
- Paula Hawkins – stemme på «Porn Wars»
- J. James Exon – stemme på «Porn Wars»
- Al Gore – stemme på «Porn Wars»
- Tipper Gore – stemme på «Porn Wars»
- Bob Stone – lydteknikar
Salslister
Album - Billboard (Nord-Amerika)
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads