Fredrik I av Danmark-Noreg

From Wikipedia, the free encyclopedia

Fredrik I av Danmark-Noreg
Remove ads

Fredrik I (7. oktober 147110. april 1533) var den yngste sonen til Kristian I av Noreg, Danmark og Sverige og Dorothea av Brandenburg og bror av Hans av Danmark, Noreg og Sverige. Fredrik var konge av Danmark og Noreg frå 1523 til 1533. Han voks opp i hertugdøma Schleswig og Holstein.[1]

Fredrik gifta seg fyrste gong med den 15 år gamle dottera til kurfyrsten av Brandenburg hertuginne Anna av Brandenburg den 10. april 1502.[1] Med Anna fekk han borna Kristian, den seinare Kristian III og Dorothea av Oldenburg, som blei gift med Albrecht av Preussen. Anna døydde i 1514.

I oktober 1518 gifta han seg med Sophie av Pommern, dotter av Bogislav X av Pommern.[1] I ekteskapet med Sophie blei det fødd fem born; Hans (1521–1580), Elisabeth (1524–1586), Adolf (1526–1586), Dorothea (1528–1575) og Frederik (1529–1556).

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads