Frederik Prytz
norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Anton Frederik Winter Jakhelln Prytz (14. februar 1878–19. februar 1945) var ein norsk forretningsmann, offiser og politikar for det nazistiske partiet Nasjonal Samling (NS). Han var sentral i NS-rørsla frå grunnlegginga i 1933, og frå 1942 fram til han døydde var han statsråd i Quisling si «nasjonale» NS-regjering og sjef for Finansdepartementet.[1]
Remove ads
Bakgrunn
Frederik Prytz var son til presten Anton Frederik (Fritz) Winter Jakhelln Prytz (1853–1937) frå Oslo og kona hans Milda Dorothea Olsen frå Nordland. Gullsmeden, arkitekten og statsråden Torolf Prytz var onkelen til Frederik Prytz. Gullsmeden Eiler Hagerup Krog Prytz var bror hans.[1] Slekta Prytz hadde tilknyting til Nordland og kom frå bergverksfolk på Røros.
Yrkeskarriere og politisk virke

Propagandafoto:
Frå samlingane til Riksarkivet
Frederik Prytz vart ein nær ven av Vidkun Quisling, føraren i NS, under den russiske revolusjonen i 1917, då dei begge var stasjonerte ved den norske legasjonen i Petrograd. Han dreiv skogbruk i Russland i stor skala, noko han tente gode pengar på. I 1920-åra flytta Prytz tilbake til Noreg for godt, der han heldt fram som forretningsmann og kjøpte Storfosen gods i Trøndelag.
Frederik Prytz engasjerte seg i norsk politikk og heldt ein klår avstand til kommunismen. Prytz var truleg med og påverka dei nazistiske ideane til Quisling. Prytz var med på å skipa Nasjonal Samling,[1] og var sentral i partiet frå etableringa i 1933.
Under den andre verdskrigen var Frederik Prytz fylkesmann i Sør-Trøndelag og sjef for Finansdepartementet i perioden 1942–1944. Prytz var ikkje antisemitt, og mislikte jødepolitikken under krigen. Han var «anglofil» og hadde kjennskap til skjebnen til jødane etter deportasjonen, truleg ved at han høyrde på BBC.[2]
Prytz mottok ei revidert utgåve av Storkrossen av St. Olavs Orden frå Quisling personleg på dødsleiet sitt. Under krigen gav Quisling ut ordenar med modifiserte ordensinsignium. Desse var rivaliserande tildelinger til dei kong Haakon gjorde frå London. Tildelinga til Prytz er seinare ikkje offisielt godkjent.
Prytz døydde av kreft i februar 1945 (før verdenskrigen var over), og etterlét seg enke og barn. Han er gravlagd i Oslo.
Remove ads
Bøker
- Omkring 9. april 1940, Stenersen, 1942[3]
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på Frederik Prytz i Wikipedia på bokmål, utgåva frå 12. november 2018
Referansar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads