Frida Amundsen
norsk songar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Frida Waage Amundsen (fødd 9. september 1992 i Vaksdal) er ein norsk songar og låtskrivar. Hausten 2009 signerte ho ein kontrakt med EMI, og debutalbumet September Blue vart gjeven ut i 2012. Debutsingelen «Closer» var gjeven ut 20. mai 2011, og vart spelt mykje på norsk radio. Songen er skriven og produsert av Lars K. Hustoft frå Crystal of Air Music og av Yngve Highland. Amundsen har sidan klatra på listene i Tyskland, Italia, Austerrike, Sveits, Sverige, Finland og Danmark.
Remove ads
Eurovision
Selecția Națională 2014
Amundsen deltok med singelen «Miracle» i Selecția Națională 2014, den rumenske uttakinga til Eurovision Song Contest 2014 i København i Danmark. Songen er skriven av Frida Amundsen, Ovidiu Cernăuțeanu, Phillip Halloun og Victor Forberg Skogberg, og vart framført på engelsk av Paula Seling og Ovidiu Cernăuțeanu under aliaset Paula Seling og Ovi. Bidraget vann tevliga med 22 poeng, tolv frå juryen og ti frå fjernsynssjåarane.
Eurovision Song Contest 2014
Etter sigeren i Selecția Națională 2014 vart det kjent at Amundsen vil representere Romania i Eurovision Song Contest 2014. Bidraget vil verte framført i den andre semifinalen 8. mai 2014.
Remove ads
Diskografi
Album
- 2012: September Blue
Singlar
- 2011: Closer
- 2012: Rush
- 2013: Colours (med Christopher frå albumet hans Colours)
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Frida Amundsen» frå Wikipedia på engelsk, den 2. mars 2014.
- Denne artikkelen bygger på «Romania in the Eurovision Song Contest 2014» frå Wikipedia på engelsk, den 2. mars 2014.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads