Miracle
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Miracle» (engelsk for 'Mirakel') er ein song av Paula Seling & Ovi, gjeven ut 15. januar 2014. Songen er skriven av Phillip Halloun, Ovidiu Cernăuţeanu, Victor Forberg Skogberg og Frida Amundsen, og produsert av Beyond51 i Oslo i Noreg.[1][2]
Remove ads
Eurovision
Selecția Națională 2014
«Miracle» vart vald ut av Societatea Românǎ de Televiziune til å delta i Selecția Națională 2014, den rumenske uttakinga til Eurovision Song Contest 2014 i København i Danmark. Songen var framført på engelsk av Paula Seling og Ovidiu Cernăuţeanu under aliaset Paula Seling & Ovi. Cernăuţeanu skreiv «Miracle» saman med Phillip Halloun, Victor Forberg Skogberg og Frida Amundsen. Bidraget vann tevlinga med 22 poeng; tolv frå juryen og ti frå fjernsynssjåarane.[3][4]
Etter sigeren i Selecția Națională 2014 vart det klårt at «Miracle» vil representere Romania i Eurovision Song Contest 2014. Songen vil verte framført på engelsk av Paula Seling & Ovi. Romania vil delta i den andre semifinalen og må enda på mellom dei ti beste for å gå vidare til finalen.
Remove ads
Sporliste
- Digital nedlasting[5]
- "Miracle" (Single version) – 3:03
- "Miracle" 2014 (Original Radio Edit) – 3:04
Fotnotar
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads