Friends av Led Zeppelin

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Friends» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin frå albumet Led Zeppelin III i 1970. Jimmy Page og Robert Plant skreiv songen i 1970 i Bron-Yr-Aur, ei lita hytte i Wales der dei kvilte ut etter ein hard turne i USA.[1]

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...

Songen starta med litt klimpring og studioprat. Ein kan mellom anna høyre manageren Peter Grant i bakgrunnen før gitarane til Page starta. Gitarstemminga for songen er ein open C6-akkord (C-A-C-G-C-E). Den same stemminga vart nytta av Page på songen «Bron-Yr-Aur» (som vart spelt inn under desse innspelingane), samt songen «Poor Tom».[2]

«Friends» er ein av få Led Zeppelin-songar med strykarar. Bassist John Paul Jones gjorde strykearrangementet. Somme har vore overraska over at Jones ikkje var tilskriven som låtskrivar på albumet, sidan han var ansvarleg for det uimotståelege strykearrangementet.[2]

I avsluttninga vert det nytta ein Moog synthesizer, som glir over i nesten song på albumet, «Celebration Day». Den einaste kjende konsertframføringa av songen av Led Zeppelin vart gjort den 29. september 1971 i Osaka i Japan.

Songen vart spelt inn på ny av Jimmy Page og Robert Plant med Bombay symfoniorkester i 1972, under ei reise til India, i lag med ein annan song, «Four Sticks» frå Led Zeppelin IV.[3] Denne versjonen inneheldt tablatrommer og sitarar og har aldri vorte gjeve ut offisielt. «Friends» vart òg spelt inn av Page and PlantNo Quarter: Jimmy Page and Robert Plant Unledded frå 1994.

Songen vart gjeven ut på singel i Polen i 1970 med «Celebration Day» som B-side. I Brasil vart han gjeven ut som ein EP i lag med «Celebration Day» og «Since I've Been Loving You».

Remove ads

Medverkande

Andre versjonar

  • 1990: Stone (Colours)
  • 1993: Men & Volts (The Song Retains the Same II)
  • 1994: Page and Plant (No Quarter: Jimmy Page & Robert Plant Unledded)
  • 1997: Jaz Coleman and the London Philharmonic Orchestra (Kashmir: Symphonic Led Zeppelin)
  • 1998: Painkiller (Before the Balloon Went Up)
  • 1998: Morgaua Quartet (Destruction: Rock Meets Strings)
  • 2000: Scarve (Translucence)
  • 2000: Azigza (Azigza)
  • 2001: Elliott Smith - Live
  • 2004: Devin Townsend (Ass-Sordid Demos II)
  • 2005: Eric Van Aro (Friends)
  • 2005: Steve Booke (Get the Led Out! Led Zeppelin Salute)
  • 2007: Frankie Banali & Friends (24/7/365: The Tribute to Led Zeppelin)
  • 2007: Led R (Led the R Out: A Tribute to Led Zeppelin)
  • 2008: Harry Slash & The Slashtones (Misty Mountain Hop: A Millennium Tribute to Led Zeppelin)
  • 2009: Marco Benevento (Me Not Me)
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads