Frosta kommune
kommune i Trøndelag From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Frosta er ein kommune i Trøndelag fylke. Han ligg på halvøya som stikk ut i Trondheimsfjorden, mellom Åsenfjorden og hovudfjorden, og grensar i aust til Levanger kommune. Tautra er ei øy som høyrer til Frosta kommune og ligg i Trondheimsfjorden mellom kommunesenteret Frosta og Leksvik. Hovudnæringa i kommunen er jordbruk.
To vegar fører til Frosta, fylkesveg 753 går frå europaveg 6 i Åsen i Levanger til Mostad på Frosta. Denne vegen går gjennom Frostaporten, ein tunell som er 287 meter lang. Den andre vegen er fylkesveg 6818 som går frå Skogn over Ekne og til Juberg på Frosta.
Remove ads
Historie
- Frostating det eldste lagtinget i Noreg.
- Logtun kyrkje ei steinkyrkje frå 1100-talet ligg i nærleiken av tinghaugen.
- På Tautra låg eit cisterciensarkloster, Tautra kloster, som vart skipa i 1207 og avvikla rundt 1536 da reformasjonen kom.
- I 1999 vart eit nytt kloster av same orden for nonner opna.
- Dronning Sonja la ned grunnsteinen for eit heilt nytt kloster 8. mai 2003 og som vart teke i bruk 11. juli 2006.
- Kommunevåpenet viser kong Magnus Lagabøter med eit liljesepter i venstre handa når han gir den nye Frostatingslova til lagmannen på Frostatinget i 1274.
- Vikinghamna på Fånestangen frå år 1000, eller litt seinare vart funnen i 2003.
Remove ads
Politikk

Kommunestyrevalet 2019
Remove ads
Nøkkeltal
- Areal: 75 km².
- Jordbruksareal: 23 km².
- Produktiv skog: 31 km².
- Folketal: 2458 (1. oktober 2006)
- Høgste punkt: Storheia, 368 moh.
- Største vatten: Hovdalsvattnet 3 km².
Innbyggjarar fordelt på næringar. (1980)
- Jordbruk, skogbruk og fiske: 45 %
- Industri: 9 %
- Bygg- og anleggsverksemd: 7 %
- Handelsverksemd: 9 %
- Samferdsle: 6 %
- Andre tjenesteytande verksemd: 24 %
Kjende frostingar
- Vidar Riseth, profesjonell fotballspelar.
- Karin Pettersen, handballspelar.
- Kristin Jensen, musikar.
Bakgrunnsstoff
- Frostaporten
- Frosta sine heimesider
- Tautra Mariakloster
- Lokalavisa Frostingen
- Vikingehamna på Fånestangen
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads