Fußstein
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Fußstein, opphavleg også «Fuirstein» (=eldberg), er eit 3 380 meter over havet høgt fjell i Zillertalalpane, i forbundslandet Tirol i Austerrike. Fjelltoppen står på Tuxerkammen, ein kilometer sørvest for Olperer, mellom dei to toppane går ei kvass egg. På både nordsida og sørsida av Fußstein ligg vide isbrear; i nord Olpererferner og i søraust Unterschrammachkees.
R. Starr, J. Eberl og H. Lechner kleiv i 1880 opp på toppen av Fußstein, dei tok seg opp søraustsida. Turruta deira er den greiaste, men normalvegen går opp sørsida.
Fußstein består av granitt og gneis. Det solide berget gjer at Fußstein er eit ynda mål for fjellklatrar.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Fußstein» frå Wikipedia på tysk, den 26. juli 2014.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads

