Funny Girl av Laura Rizzotto
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Funny Girl» (norsk 'morosam jente') er ein song frå 2018 med den latvisk-brasilianske songaren Laura Rizzotto. Songen vann den latviske songtevlinga Supernova 2018 og var det latviske bidraget til Eurovision Song Contest 2018 i Lisboa.
Remove ads
Om songen
«Funny Girl» er skriven av Laura Rizzotto.[1]
«Funny Girl» var eitt av 21 bidrag i den latviske songtevlinga Supernova 2018, arrangert av kringkastaren Latvijas Televīzija.[2] «Funny Girl» vann den tredje semifinalen laurdag 17. februar 2018 kvalifiserte seg til finalen 24. februar.[3] I finalen fekk songen flest røyster av sjåarane og juryen og vann tevlinga.[4][5] Gjennom sigeren blei «Funny Girl» det latviske bidraget til Eurovison Song Contest 2018.[6]
Eurovision Song Contest
I januar 2018 blei Latvia trekt til å delta i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest.[7] Semifinalen blei arrangert i Altice Arena i Portugal torsdag 9. mai, og Latvia hadde startnummer 10.[8] «Funny Girl» enda på 12. plass i semifinalen, berre 5 poeng bak 10. plassen, og var dimed ikkje kvalifisert til finalen laurdag 12. mai.[9]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads