Latvia i Eurovision Song Contest

From Wikipedia, the free encyclopedia

Latvia i Eurovision Song Contest
Remove ads

Latvia debuterte i Eurovision Song Contest i 2000 og har delteke kvart år sidan. Latvia har vunne Eurovision Song Contest ein gong, i 2002 med Marie N og songen «I Wanna». Latvia har også ein tredjeplass og ein femteplass. Etter innføringa av semifinalar i 2004 har landet kvalifisert seg til finalen 6 av 18 gongar.

Kjappe fakta Uttakingar, Deltaking ...
Remove ads

Utover i 2010- og 2020-åra har landet markert seg som eit av dei svakaste resultatmessig i konkurransen. Dei siste 14 åra har landet berre kvalifisert seg til finalen to gongar, sist i 2016.[1] I tillegg har Latvia komme sist i sin semifinale fem gongar, fleire enn noko anna land.

Remove ads

Historikk

Det er den latviske ålmennkringkastaren LTV som sender Eurovision Song Contest i Latvia, og som har ansvaret for å velje det latviske bidraget. Frå 2000 til 2012 blei landets song og artist kåra gjennom den nasjonale finalen Eirodziesma. I 2013 skifta finalen namn til Dziesma, og i 2015 blei den nasjonale finalen erstatta av eit nytt konsept, Supernova.[2]

Sterk debut

Thumb
Marie N vann Eurovision Song Contest 2002 med songen «I Wanna». Året etter var ho programleiar saman med Renārs Kaupers då konkurransen blei halden i Riga.

Latvia var påmeldt i 1999, men trekte seg før den endelege fristen. Debuten kom i Stockholm i 2000 med gruppa Brainstorm og songen «My Star». Latvia kom på tredjeplass, med 12 poeng frå Noreg, Estland, Finland og Belgia. Dette er framleis ein av dei sterkaste debutane i historia til Eurovision Song Contest nokon gong.[3][4]

Dei neste åra svingte resultata kraftig. Landet blei nummer 18 i 2001 og kvalifiserte seg med naud og neppe til konkurransen i 2002, etter at Portugal sa frå seg plassen i konkurransen.[5] Det skulle vise seg å vere eit lykketreff for Latvia, som enda opp med å vinne 2002 med Marie N og «I Wanna». Som følgje av sigeren blei Eurovision Song Contest 2003 arrangert i den latviske hovudstaden, Riga. Marie N og Renārs Kaupers, vokalisten i Brainstorm, var programleiarar. På heimebane blei gruppa F.L.Y. nummer 24 av 26, med berre fem poeng frå nabolandet Estland.[6]

Sju år utan finale

Året etter kvalifiserte ikke Latvia seg til finalen, men i 2005 enda landet opp på ein femteplass med duoen Valters og Kaža og songen «The War Is Not Over». Dette er framleis den tredje beste plasseringa til Latvia i Eurovision Song Contest.

Etter suksessen i 2005 innleia Latvia ein resultatmessig svak periode i konkurransen. Dei tre neste åra følgde middelmåtige plasseringar, og i seksårsperioden 20092014 kvalifiserte ikkje Latvia seg til finalen ein einaste gong. Tre av desse åra kom også Latvia sist i semifinalen. I Wien i 2015 fekk Latvia ein opptur og enda opp på ein sjetteplass i finalen med Aminata og songen «Love Injected[7]». Landet sikra seg sin andre finaleplass på rad med Justs i 2016.[8]

I 2017 innleia Latvia ein ny, svak periode resultatmessig. Seks år på rad har Latvia blitt slege ut i semifinalen, inkludert to sisteplassar i semifinalen. Landet har dimed ikke vore i ein Eurovision-finale sidan 2016 og er resultatmessig blant dei svakaste landa i konkurransen den siste tiårsperioden.

Språk

Latvia har stort sett framført sine bidrag på engelsk, men song på latvisk i 2004, på italiensk i 2007 og på russisk i 2009.

Remove ads

Deltakarar

Under er ei liste over bidraga til Latvia, plasseringar og poeng i konkurransen sidan debuten.[1]

Meir informasjon År, Artist ...
Remove ads

Røystehistorikk

Oversikt over poeng til og frå Latvia i finalar og semifinalar sidan debuten i 2000. Tala er henta frå nettstaden ESC Database. Ved like mange poeng, blir landa rangert etter kor mange prosent dei har gjeve av høgaste moglege oppnåelege totalscore.[10]

Finalane

Meir informasjon #, Land ...

Semifinalane (2004–2021)

Meir informasjon #, Land ...

Eurovision Song Contest i Latvia

Meir informasjon År, Stad ...

Kommentatorar og poengopplesarar

Meir informasjon År, Kommentator ...
Remove ads

Galleri

Sjå òg

Referansar

Loading content...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads