Fureidis

From Wikipedia, the free encyclopedia

Fureidis
Remove ads

Fureidis (òg Freidis) er ein israelsk-arabisk by i Haifa distrikt i Israel. Han fekk lokal kommunestatus i 1952.

Kjappe fakta Land, Distrikt ...
Remove ads

Namn

Ein trur namnet kjem frå det arabiske firdawis, som tyder Edens hage, lånt frå det persiske paradis.[1][2]

Arkeologiske funn

Thumb
Fureidis

På 1800-talet vart tre graver hogd ut i berget undersøkt i Fureidis, kvar med fleire kokhim.[3]

Ei grotte oppom den gamle delen av Fureidis på vestsida av Karmelberget hadde restar av grotter frå koparsteinalderen, inkludert store boller, krukker, beinhusrestar og ein lyserosa kalksteinsornament.[4]

Det er òg funne keramikk og restane av ein akvedukt datert til romersk og bysantinsk tid.[5]

Historie

Seint i osmansk tid, i 1859, vart folketalet estimert til 200.[6] I 1870 vitja den franske reisande Victor Guérin landsbyen. Han estimerte at det budde 140 menneske der, hovudsakleg gjetarar og tømmermenn, og somme dyrka òg jorda.[7]

I 1880-åra skildra The Survey of Western Palestine staden som ein landsby av adobestein og stein ved foten av åsen og med ein brunn i sør.[6] Fureidis er ein av få arabiske landsbyar på den palestinske kysten som vart verande intakt etter krigen i 1948.[2] Under krigen tok byen i mot mange flyktningar frå nærliggande landsbyar, inkludert Tantura. Innbyggjarar i lokale jødiske busetnader, særleg Zichron Yaakov kravde at Fureidis (og nabolandsbyen Jisr az-Zarqa) ikkje skulle angripast, sidan dei tradisjonelt hadde eit godt forhold til Yishuv, og amnge innbyggjarar frå Fureidis arbeidde som innleigd arbeidskraft på jødiske gardar.[treng kjelde]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads