Gaia

From Wikipedia, the free encyclopedia

Gaia
Remove ads

Gaia (eller Ge) var ifølgje gammal gresk mytologi ei guddommeleg personifisering av jorda og ei gudinne i eitt og er opphavet til alt. Av borna hennar er Uranos (himmelen), Okeanos (havstraumen) og Pontos (havet). Ho er òg synsk og fungerte som orakel i Delfi før sonen til Zevs, Apollon tok over.

Med son sin Uranos fekk Gaia titanane, kyklopane og dei hundrearma. Då Uranos kasta kyklopane ned i Tartaros, gav Gaia den eldste sonen, Kronos, ein sigd. Med denne skar han av testiklane til Uranos og kasta dei i havet. I det blodige skummet oppstod Afrodite.

Thumb
Arabisk måleri av Gaia frå kring 730.
Thumb
Dei fyrste greske urgudane.
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads