Helios

From Wikipedia, the free encyclopedia

Helios
Remove ads

Helios (gresk Ήλιος (hēlios), 'sol') er solguden i gresk mytologi. Kvar dag køyrer han over himmelen i ei gyllen vogn trekt av fire hestar, medan han sigler i ein båt over verdselva Okeanos om natta for å koma tilbake til utgangspunktet sitt i aust om morgonen. Helios blei særleg tilbeden på Ródos, der han hadde si eiga høgtid.[1] Han blei avbilda i Kolossen ved hamna til Ródos, eit av dei sju underverka.[2]

Remove ads
Remove ads

Familie

Helios var son av titanane Hyperion, som var gud for lys, og Theia.[3][4][5] Mor hans blir også oppgjeven som Euryphaessa,[6] Aethra,[7] og Basileia.[8] Syskena hans er Selene (månen) og Eos (morgonrauden).[2] Sonen hans var Faeton, som prøvde og feila å styra solvogna til faren.[9][1]

Helios blir gjerne framstilt som ein skjegglaus man i lilla klede med ein glorie eller flagrande hår som liknar solstrålar.

Thumb
Helios i stridsvogna si. Måleri frå 1680 av Johann Baptist Zimmermann.
Remove ads

Namn

Guden blei også kalla Helios Panoptes, 'den altsjåande Helios/sola'.

Namnet på grunnstoffet helium er avleidd av Helios. Helium er eitt av dei viktigaste stoffa i sola.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads