Gasherbrum I

From Wikipedia, the free encyclopedia

Gasherbrum I
Remove ads

Gasherbrum I (òg Hidden Peak, tidlegare K5) er hovudtoppen i Gasherbrum-massivet i Karakoram-kjeda, og med 8 080 m det ellevte høgste fjellet på jorda.

Kjappe fakta
Remove ads

pd5

Remove ads

Namn

Thomas George Montgomerie sin ekspedisjon kartla området i 1856, gav dei fjellet påskrifta K5, «Karakorams femte fjell».

Lokalt var det berre det mest synlege fjellet som blei kalla Gasherbrum, det som i dag blir kalla Gasherbrum IV. På baltispråket tyder rgasha «vakker» og brum «fjell», altså «vakkert fjell», truleg på grunn av G IV sin slåande utsjånad. Etter kvart fekk heile massivet dette namnet, medan einskildtoppane vart nummerert etter høgde med G I som det høgste.

Eit mykje brukt alternativt namn på fjellet er Hidden Peak. Den engelske oppdagagaren William Martin Conway som var i Baltoro-området i 1892 gav fjellet dette namnet av di det ikkje var synleg frå Baltorobreen, og for å betre skilje det frå naboen Gasherbrum II.

Remove ads

Klatrehistorikk

Thumb
Topp-pyramiden (sørveggen)

I 1934 kom nokre klatrarar opp i 6 300 m før dei måtte ned att. To år etter skjedde det første dødsfallet på fjellet.

Den første vellukka topp-klatringa stod Pete Schoening og Andrew Kauffman for, dei var deltakarar på ein amerikansk ekspedisjon leia av Peter Clinch. 5. juli 1958 var dei på toppen etter å ha gått ruta IHE-spur og søraustegga. IHE-spur har namn etter International Himalaya Expedition (IHE) som 1930 foreslo denne ruta.

10. august 1975 gjekk Reinhold Messner og Peter Habeler nordvestveggen og blei dei andre på toppen. Dette var den første klatringa av ein 8000-meter som skjedde i alpinstil og utan medbrakt oksygen.

Dagen etter var Hanns Schell, Robert Schauer og Herbert Zefferer på toppen. Dei gjekk i ekspedisjonsstil og nytta same ruta som førsteklatrarane. Saman med andre medlemar av ekspedisjonen hadde dei 4. august førsteklatra det 7 426 m høge Urdok I.[1]

I 1982 stod den første kvinna på toppen, Marie-José Valençot. Under same ekspedisjonen stod ektemannen hennar, sveitsaren Sylvain Saudan, for den første fullstendige skikøyringa frå ein 8000-meter og ned til base camp. I 1984 skapte Messner og Hans Kammerlander oppsikt ved å gå over både G II og G I. Mindre kjend er ein solotravers Jean-Christophe Lafaille gjorde over begge toppane i 1996.[2] 9. mars 2012 lukkast det polakkane Adam Bielecki og Janusz Gołąb å klatre fjellet vinterstid.

Den første norske klatraren på G I var Olav Storli Ulvund.[3] Saman med tsjekkarane Zdenek Nemec og Josef Nezerka nådde han toppen den 12. juli 2007 via «japanar-couloiren» frå Gasherbrum La (nedre del) og Messner/Habeler-ruta i øvre del.

Remove ads

Referansar

Litteratur

Loading content...

Bakgrunnsstoff

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads