Gasoline Alley av Rod Stewart
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Gasoline Alley er det andre soloalbumet til den britiske songaren Rod Stewart. Det kom ut i juni 1970. Det vart opphavleg gjeve ut i Storbritannia på Vertigo og kom ut på ny i 2008 med remastra lyd av eit russisk selskap, Lilith Records.[5] Albumet består av både coverlåtar og Stewart sine eigne songar.[1] Som mange av soloalbuma til Stewart på denne tida, spelar fleire medlemmar frå bandet hans, Faces, på plata.
Remove ads
Remove ads
Mottaking
Albumet fekk positiv omtale då det kom ut, og Langdon Winner i Rolling Stone meinte at Stewart hadde «ein sjeldan sensitivitet for skjøre augneblink i eksistensen til ein person»,[3] og at dette albumet var «eit verk av i høgaste grad ein bra artist».[3]
Albumet er inkludert i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.
Innhald
Remove ads
Medverkande
- Rod Stewart – produsent, vokal, gitar på «Jo's Lament»
- Martin Quittenton – klassisk gitar
- Ronnie Wood – gitar, flaskehalsgitar, akustisk gitar, bass
- Ronnie Lane – bass på «My Way Of Giving» og «You're My Girl», vokal på «My Way Of Giving»
- Ian McLagan – piano, orgel (i plateomslaget står det: «Mac er ikkje tilgjengeleg på grunn av busstreik». Men i den amerikanske utgåva av plata står han oppført, som indikerer at han vart lagt til seinare)[6]
- William Gaff – fløyte
- Dennis O'Flynn – fiolinbass
- Dick Powell – fiolin
- Stanley Matthews – mandolin
- Mick Waller – trommer
- Kenney Jones – trommer på «My Way Of Giving» og «You're My Girl»
- Pete Sears – piano på «Country Comforts», og bass på «Cut Across Shorty».
- Jack Reynolds – korvokal på «Country Comfort»
Salslister
Album
Singlar
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads