Every Picture Tells a Story
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Every Picture Tells a Story er det tredje studioalbumet til den britiske songaren Rod Stewart, gjeve ut i mai 1971. Musikkstilen på albumet er ei blanding av hardrock, folk og blues.[2] Albumet gjekk til topps både i Storbritannia og USA og vart rangert på tredjeplassen på kritikarlista til Jazz & Pop over ei beste albuma i 1971.[3] I 2003 vart albumet rangert på 172. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[4]
Remove ads
Historie
Albumet er ei blanding av rock, country, blues, soul og folk, og inneheld gjennombrotshitten til Stewart, «Maggie May», i tillegg til «Reason to Believe», ein song frå debutalbumet til Tim Hardin frå 1966. «Reason to Believe» vart først gjeve ut som den første singelen frå albumet, med «Maggie May» som B-side, men «Maggie May» vart meir populær og gjekk til topps både i Storbritannia og USA.
Albumet inneheld òg ein versjon av Arthur Crudup sin «That's All Right (Mama)» (den første singelen til Elvis Presley) og ein versjon av Bob Dylan-songen «Tomorrow Is a Long Time».
Alle dei fem medlemmane i Faces (der Stewart var songar) spelte på albumet, med gitarist/bassist Ronnie Wood og klaverspelar Ian McLagan på Hammond B3-orgel. På grunn av restriksjonar kring kontraktane deira, var oppføriga av kven som spelte på kva noko uklår,, og ein er ikkje sikker på om heile Faces spelte på Motown-hitten «(I Know) I'm Losing You».[5] Andre musikarar på plata var Ray Jackson på mandolin (men Stewart gløymde namnet hans og han er berre omtalt som «mandolinisten i Lindisfarne» på omslaget). Micky Waller spelte trommer. Maggie Bell song korvokal på tittelsporet og Madeline Bell song kor på den neste songen, «Seems Like a Long Time». Pete Sears spelte alt av piano på albumet, utanom på ein song, «I'm Losing You» der Ian McLagan spelar.
Albumet låg seks veker på toppen av albumlista i Storbritannia og fire veker i USA, samstundes som «Maggie May» toppa singellistene i begge land, og gjorde Stewart til ein av få artistar som har klart dette.
Remove ads
Mottaking
I den originale meldinga si for Rolling Stone skreiv John Mendelsohn: «Keisam som den eine halvparten er, er det nok som er ubetinga glimrande på den andre halvdelen.»[7] Robert Christgau gav albumet glimrande kritikk for The Village Voice og likte særleg mandolin og pedalsteelgitaren på plata.[6] I ei seinare melding for AllMusic skreiv Stephen Thomas Erlewine: «Utan å endre tilnærminga til dette albumet, skapte Rod Stewart ei perfekt blanding av hardrock, folk og blues på dette meisterverket, Every Picture Tells a Story.»[2]
Remove ads
Innhald
Merknad
- «Henry» var berre trykt på etiketten på dei originale britiske og internasjonale utgåvene, ikkje på omslaget. Han vart fjerna frå sporlista på enkelte CD-utgåver, der det inngår som ein del av sporet «Maggie May».
- «Amazing Grace» er ikkje oppført på etiketten på dei fleste utgåvene og på somme CD-utgåver er han ein del av «That's All Right». Teksten til denne vart skriven av John Newton.
Medverkande
- Rod Stewart – solovokal, akustisk gitar
- Ronnie Wood – gitar, pedalsteelgitar, bassgitar
- Sam Mitchell – slidegitar
- Martin Quittenton – akustisk gitar
- Pete Sears – piano, celesta
- Micky Waller – trommer
- Ian McLagan – orgel, piano på «(I Know) I'm Losing You»
- Danny Thompson – kontrabass
- Andy Pyle – bassgitar
- Dick Powell – fiolin
- Long John Baldry – vokal på «Every Picture Tells a Story»
- Maggie Bell – kovokal på «Every Picture Tells a Story»
- Madeline Bell og vener – korvokal på «Seems Like a Long Time»
- Lindsay Raymond Jackson («mandolinisten i Lindisfarne») – mandolin
- Kenney Jones – trommer på «(I Know) I'm Losing You» (ikkje oppført)
- Ronnie Lane – bassgitar og korvokal på «(I Know) I'm Losing You» (ikkje oppført)
I plateomslaget er namnet på to alkoholhaldige drykk (Martell Brandy og Mateus Rosé) sett innimellom musikarane som speler på plata.
Teknisk
- Desmond Strobel – kunstnarisk leiar
- John Craig – design, illustrasjon
- Lisa Margolis – plateomslag
Remove ads
Salslister
Salstrofé
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads