Gaulosen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Gaulosen er ein fjordarm av Orkdalsfjorden i Skaun og Trondheim kommune i Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 10 km søraustover til Øysanden der elva Gaula munnar ut i fjorden. Fjorden er kalla opp etter elva.

Fjorden har innløp mellom Lundneset i sør og Vevikneset i nord. Heile vegen rundt fjorden er det busetnader. På nordsida er det mindre grender som Vevik, Byneset, Høyem, Mule, medan sørsida har større bygder som Brekka, Buvika og Børsa. Europaveg 39 går langs heile sørsida av fjorden. 63°20′49.924″N 10°5′27.391″E
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads