Gaustatoppen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Gaustatoppenmap
Remove ads

Gaustatoppen eller Gausta er eit fjell på 1883 moh. som ligg i Tinn kommune i Telemark fylke. Det ligg rett sørom Rjukan. Fjellet er det høgaste i Telemark fylke.

Kjappe fakta Land, Fylke ...

Gaustatoppen er det punktet i Noreg med størst utsikt, målt i kvadratkilometer. Under ideelle forhold har ein utsikt over eit område på 50 000 km²[1], om lag ein sjettedel av arealet av fastlands-Noreg. Til samanlikning kan ein frå Galdhøpiggen (2469 moh.) sjå om lag 35 000 km².

Nær toppen ligg Gaustatoppen turisthytte, populært kalla Gaustahytta. Hytta har enkel servering kvar dag i sommarsesongen og nokre helger utover hausten. Toppen vert vitja av 25000 menneske i året. Gaustatoppen er det høgaste fjellet sør for Jotunheimen, med unntak av Hallingskarvet (1933 moh.) som ligg på den andre sida av Hardangervidda, Høgeloft (1920 moh.) og Ranastonge (1900), begge i Hemsedal.

Ein kjem til toppen ved å køyre frå Rjukan mot Gaustablikk og Gaustablikk Høyfjellshotell. Inne i fjellet går det ein sesongopen bane som frakter folk frå Langefonn ved foten av fjellet og opp til toppen.

Remove ads

Bilde av Gaustatoppen

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads