Gedera

From Wikipedia, the free encyclopedia

Gedera
Remove ads

Gedera eller Gdera (hebraisk skrift גְּדֵרָה) er ein by i Sentral-Israel i Israel som vart grunnlagd i 1884. Han ligg 13 km sør for Rehovot.[3] I 2009 hadde Gedera eit folketal på 21 500.[2]

Kjappe fakta Land, Distrikt ...
Remove ads

Historie

Thumb
Gedera, circa 1899

Gedera er nemnt i Første Krønikebok 4:23 og Josvas bok 15:36 som ein by i området til Juda.[1] Denne samanhengen vart føreslått av Victor Guérin på 1800-talet,[4] men avvist som umogeleg av William F. Albright som identifiserte byen med al-Judeira.[5][6] Gedera i Bielen er no identifisert med Khirbet Judraya, 1 km sør for Bayt Nattif.[7][8]

Tel Qatra, som ligg ved nordenden av Gedera, er vanlegvis identifisert som Kedron, ein festningsstad som selevkidane bygde mot hasmonaerane (1 Mak. 15:39-41, 16:9).[9] Han er òg identifisert som Gedrus, ein stor landsby i tida til Eusebius (300-talet).[9] Eusebius identifiserte Gedrus med den bibelske Gedor, som er eit namn som òg finst på Madabakartet, men fleire andre stader for Gedor er òg føreslått.[9]

Tell Qatra vart okkupert frå mellombronsealderen til minst tidleg islamsk tid.[9] Ein gong mellom då og mellomalderen vart busetnaden flytta til sørsida av foten av haugen, der den arabiske landsbyen Qatra eksisterte fram til 1948.[9] På toppen i den bysantinske tida hadde haugen minst ein stor offentleg bygning.[9]

Gedera vart grunnlagd vinteren 1884 av medlemmar frå Bilu-gruppa, sør for Qatra.[10] Gedera vart grunnlagd på eit landområde som vart kjøpt av Yehiel Michel Pines for Hovevei Zion frå den franske konsulen i Jaffa, Poliovierre.[11][12] Dei første pionerane kom til staden under Hanukah. I 1988 bygde Benjamin og Mina Fuchs det første steinhuset i Gedera, som seinare vart nytta som eit forsamlingshus for Bnai Brith.[13]

I 1912 slo ei gruppe jemenittiske immigrantar seg ned i Gedera. Under Det britiske mandatet vart Gedera ein populær stad på grunn av det milde klimaet og den friske lufta. I 1949-1953 kom tusenvis av immigrantar frå Jemen, Romania, Irak, Polen, Egypt, Marokko, Tunisia, India, Iran, Libya og andre land hit og budde i teltleirar.[14]

Thumb
Gedera vasstårn

Landområdet som Gederah vart grunnlagd på hadde ein gong høyrt til arabarane i Qatra, som hadde mista området på grunn av gjeld.[10] Dei dyrka jorda som leigebønder då dei jødiske eigarane kom og ytte motstand mot det dei meinte var ei inntrenging på landområdet sitt.[10] I følgje ei anna soge var landområdet faktisk eigd av Qatra, men hadde av styresmaktene blitt gjeve til den nærliggande landsbyen Mughar då Qatra sa frå seg eigarskap for å unngå ei viss mordanklage.[12] Mughar selde det så til Polivierre, som selde det til Pines.[12] Dette, og den korte avstanden mellom dei to stadane, førte til dårleg forhold mellom dei to samfunna, og stundom valdelege samanstøytar.[10] Israel Belkind, eit medlem avBilu, skildra forholdet mellom Gedera og dei arabiske naboane som det verste av alle busetnader.[10] Haim Hissin, som òg var Bilu-medlem, kritiserte arabarane for den provoserande oppførselen sin, men skulda jødane for å vere urettvise og arrogante.[10]

Qatra vart avfolka av den paramilitære gruppa Haganah den 17. mai 1948.[15]

I 1950-åra vart det grunnlagd eit nabolag kalla Oriel («Guds lys») for nye immigrantar med synlege funksjonshemmingar. Immigrantane arbeidde i verna verkstader og nabolaget vart spesifikt planlagt for å fremje sjølvstendet deira.[16]

I 9. februar 2009 råka ein Grad-rakett frå Gazastripa Gedera, og var det nordlegaste punktet som vart råka av kring 200 rakettar som vart skotne mot det sørlege Israel.[17]

Remove ads

Geografi

Thumb
Yeshurun synagoge, bygd i 1912.

Gedera er bygd på sju åsar i Shfela, som stig til 80 meter over havet. Byen dekkjer eit areal på 14,5 km².[2] Gedera vert rekna å ligge heilt sør i det sentrale Israle, medan Hadera vert rekna å ligge heilt i nord. Dette har i Israel gjeve uttrykket «frå Hadera til Gedera» for å skildre dei mest folkerike områda i Israel.

Økonomi

Hovudnæinga i Gedera var dei første åra dyrking av druer og korn. Sitrus og andre avlingar kom seinare. I 1930-åra vart det starta opp fleire industriar og moshavaen vart ein feriestad.[3]

Venskapsbyar

Gedera er venskapsby med:

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads