Geist und Seele wird verwirret
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Geist und Seele wird verwirret, BWV 35, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
Han vart komponert i Leipzig i 1726 for den tolvte sundagen etter treeiningssundag, som fall på den 8. september dette året, dagen då verket vart framført første gong.
Teksten er henta frå Georg Christian Lehms sin Gottgefälliges Kirchen-Opffer (1711)[1][2]. Sidan det var krav om stadig «ny musikk», nytta Bach sjeldan eldre dikt for kantatane sine,[3] så dirigent Craig Smith har foreslått at dette verket derfor kan ha vore komponert tidlegare enn den første framføringa i Leipzig.[4] Han er ein av berre tre kantater der det ikkje er nokre songarar med, bortstet frå ein enkelt altsolist (dei andre er Widerstehe doch der Sünde og Vergnügte Ruh, beliebte Seelenlust, begge òg med tekstar av Lehms). I tillegg har verket to store konsertsatsar for orgel og orekster, truleg frå ein tapt, orgel-, obo- eller fiolinkonsert.[5]. Dei ni først taktane i opninga, sinfoniaen, er identiske til bitar av BWV 1059, som er datert til tida Bach var i Köthen (frå 1717 to 1723).
Det ser ikkje ut til at det ligg eit koraltema som grunnlag for verket.
Remove ads
Instrumentering og struktur
Stykket er instrumentert for oboar I/II/III, obo da caccia, obbligato orgel, fiolinar I/II, bratsj og basso continuo, med ein songsolist. Det består av sju satsar, delt i to delar. Begge delane startar med ein sinfonia:
Remove ads
Tekst
Erster Teil (første del)
|
|
|
Zweiter Teil (andre del) |
|
|
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads