Generations av Journey

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Generations er det 12. studioalbumet til det amerikanske rockebandet Journey. Det var det siste albumet deira med songaren Steve Augeri og det andre med trommeslagaren Deen Castronovo, som var same besetninga som på Arrival frå 2001 og EP-en Red 13 frå 2003. Albumet vart gjeve bort gratis av bandet under dei fleste konsertane deira for Generations-turneen i 2005, og så gjeven ut på Sanctuary Records seinare same året.

Meir informasjon Journey-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Dette var det første Journey-albumet der alle i bandet syng solovokal. Jonathan Cain syng solo på «Every Generation» og «Pride of the Family» (sistnemnde berre på den japanske utgåva), den første gongen han song sidan «All That Really Matters» (opphavleg eit unytta spor for Frontiers) frå plateboksen Time3. Deen Castronovo syng solo på «A Better Life» og «Never Too Late». Neal Schon syng solovokal på «In Self Defense» (tidlegare spelt inn for Schon & Hammer-albumet Here to Stay) og Ross Valory syng på «Gone Crazy».

Albumet nådde berre 170. plassen på Billboard 200-lista.[4] Generations var det siste albumet med Augeri, som slutta i midten av turneen i 2006 på grunn av ein halsinfeksjon. Jeff Scott Soto erstatta han og turnere med bandet fram til juni 2007. Det var det einaste Journey-albumet som kom ut på Sanctuary Records.

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Bandmedlemmar
  • Steve Augeri - solovokal (utanom der andre er nemnde), ekstra gitar på «Butterfly (She Flies Alone)» og «Believe»
  • Neal Schon - sologitar, korvokal, solovokal på «In Self-Defense»
  • Jonathan Cain - klaverinstrument, rytmegitar, korvokal, solovokal på «Every Generation» og «Pride of the Family»
  • Ross Valory - bass, korvokal, solovokal på «Gone Crazy»
  • Deen Castronovo - trommer, perkusjon, korvokal, solovokal på «A Better Life» og «Never Too Late»
Produksjon
  • Kevin Elson - produsent
  • Mike Fraser - lydteknikar, miksing i The Warehouse Studio, Vancouver, B.C.
  • Tom Size, Bill Donnelly - lydteknikar
  • Stephen Marcussen - mastering
Remove ads

Salslister

Meir informasjon År, Liste ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads