Gentesting

medisinsk undersøking From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Gentesting eller DNA-testing[1] er teknikkar nytta til å finna særskilde variantar i DNA-sekvensar[2] eller kromosom-strukturar. Dei kan også måla resultat av genetiske endringar, som RNA-analyse som resultat av genuttrykk, eller gjennom biokjemisk analyse for å måla spesifikk proteinproduksjon.[3] I medisinsk samanheng kan slike testar nyttast til å setja diagnose eller utelukka moglege genetiske sjukdommar, føreseia risiko for særskilde tilstandar eller gje informasjon som kan nyttast til å tilpassa medisinsk behandling basert på individuelle genetiske eigenskapar.[3] Getesting kan også nyttast til å slå fast biologisk slektskap, som dei biologiske foreldra til eit barn,[4] eller nyttast til å slå fast den breiare avstamminga til et individ.[5] I tillegg til å testa menneske kan ein også gentesta dyr og plantar med liknande føremål, til dømes for å slå fast avstamming/slektskap eller føreseia/diagnostisera genetiske lidingar,[6] for å få informasjon ein kan bruka i avl,[7] eller for å auka genetisk mangfald i truga populasjonar.[8]

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads