Georg Cantor
tysk matematikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Georg Ferdinand Ludwig Philipp Cantor (fødd 3. mars 1845 i St. Petersburg, død 6. januar 1918 i Halle) var ein tysk matematikar.
Remove ads
Han var professor i Halle. Faren hans var fødd i Danmark, og mora var frå Austerrike.
Han er grunnleggjaren av mengdelæra og er kjent for Cantorteoremet som seier at uansett kva for ei mengd vi studerer, finst det ei mengd som er større. Dette er trivielt viss ein tenkjer på endelege mengder, men ikkje viss ein tenkjer på uendelege mengder. Dei nye synspunkta hans vakte først motstand, men har sidan vist seg å vere særs viktig for oppbygginga av store delar av matematikken. Undersøkingane hans av såkalla transfinite tal er særleg kjende. På same måte som ein innfører dei vanlege heiltala for å samanlikne mengder med ei endeleg mengd element, innførte Cantor transfinite tal for å samanlikne uendelege mengder.
Cantor vart utnemnd til æresdoktor ved Det Kongelege Fredriks Universitet i samband med feiringa av 100-årsdagen for fødselsdagen til Niels Henrik Abel i 1902.
Remove ads
Prisar og utmerkingar
(utval)
- 1904 – Sylvestermedaljen
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads