George Jackson av Bob Dylan
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Remove ads
«George Jackson» er ein song av Bob Dylan, skriven i 1971 som ei hyllest til leiaren av Black Panther, George Jackson, som nyleg hadde vorte skoten og drepen av vaktar i San Quentin Prison den 21. august 1971. Denne hendinga var ei indirekte årsak til opprøret i Attica Prison. Teksten til Dylan syner med biografiske detaljar tydeleg at det er George Jackson frå Black Panther det er snakk om[1]
Dylan spelte inn songen 4. november 1971,[2] og vart raskt gjeven ut på singel den 12. november 1971.[2] Singelen bestod av ein «Big Band version» (storbandutgåve) på A-sida og ei akustisk utgåver på B-sida.[3]
Singelen nådde 33. plass på Billboard-lista i USA.[4] A-sida vart seinare gjeven ut på albumet Masterpieces i 1978, som berre kom ut i Japan og Australia. Begge utgåver finst i dag på iTunes som ein del av Bob Dylan: The Collection.[5]
Singelen er den einaste i lag med «Watching the River Flow» dei einaste to songane Dylan skreiv i perioden 1971-72, mellom albuma New Morning (1970) og Pat Garrett and Billy the Kid (1973).
Remove ads
Medverkande
Big Band Version:
- Bob Dylan (gitar, munnspel, vokal)
- Kenneth Buttrey (trommer)
- Ben Keith (steelgitar)
- Leon Russell (bass)
- Joshie Armstead (korvokal)
- Rosie Hicks (korvokal)
Acoustic Version:
- Bob Dylan (gitar, munnspel, vokal)[2]
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads