Gerda Grepp
norsk journalist From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Gerda Johanne Helland Grepp (26. mai 1907–29. august 1940)[1] var ein norsk journalist.[2]
Remove ads
Familie
Gerda Grepp var dotter av Kyrre Grepp og Rachel Grepp.
Grepp var gift med den italiensk-sveitsiske keramikaren Mario Mascarin (1901–66). Dei fekk sonen Olav Kyrre Grepp og dottera Solveig Marie Alexandra «Sacha» Grepp.[2] Dottera var kalla opp etter revolusjonspolitikar og familievenn Aleksandra Kollontaj, og budde i åra 1935–1945 på Fjøsanger utanfor Bergen der Helland-familien har budd frå ca. 1875.[2][3]
Remove ads
Yrkesliv
Grepp arbeidde, som mora Rachel Grepp, som journalist i Arbeiderbladet.
Grepp blei den fyrste norske journalisten som rapporterte frå den spanske borgarkrigen, der ho jobba med Arthur Koestler, Nordahl Grieg og Lise Lindbæk. Ho representerte det franske Agence Espagne i Paris 1937–1938.
Sjukdom og død
Gerda Grepp døydde av tuberkulose, i likhet med faren Kyrre Grepp (1922) og broren sin Peter Andreas Grepp (1933).[2]
Ettermæle
I 2018 blei eit auditorium ved Oslomet – storbyuniversitetet kalla opp etter Gerda Grepp, Gerda Grepps auditorium.[4]
Bibliografi
- Axel Wedding, Gutten og sigøynerpiken (1934). Omsetjing av Ede und Unku
- Hermynia Zur Mühlen, De tok våre døtre (Tiden, 1934). Omsetjing av Unsere Töchter, die Nazinen
- Kvinnen i det tredje rike (Arbeidernes oplysningsforbunds kvinnekomite, 1935). Omsetjing (23 sider).
Litteratur
- Jo Stein Moen, Rolf Sæther: Tusen dager, Gyldendal, Oslo (2009) ISBN 9788205393516
- Elisabeth Vislie: Ved fronten - Gerda Grepp og den spanske borgerkrigen, Pax, Oslo (2016) ISBN 9788253038667
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads