Gjertrud

kvinnenamn From Wikipedia, the free encyclopedia

Gjertrud
Remove ads

Gjertrud er ei norsk form av dei opphavleg tyske kvinnenamna Gertrud eller Gertrude. Gjertrud har namnedag den 17. mars i Noreg medan Gertrud har namnedag på same dato i Danmark og Sverige.

Thumb
Gertrud II von Boventhen, tysk abbedisse frå mellomalderen.
Thumb
Tysk minneplate for diktaren Gertrud Kolmar som døydde i Holocaust.
Thumb
Gertrud Scholtz-Klink, nazistisk kvinneleiar eller Reichsfrauenfuhrerin.

Variantar

Den norrøne forma av namnet er Geirþrúðr som er avleidd av geirr, 'spyd' og og þrúðr (trudr), 'styrke'.

I den norske folketeljinga frå 1801 finn ein namnet med fleire skrivemåtar: Giertrud, Giertrue, Giertru, Gjertrud, Gertrud, Jertru og Gjertrue.

Kortformer av namnet er nederlandsk Geertje, tysk Gerti, engelsk Gertie og Gerty, finsk Kerttuli, nordisk Trude, tysk Traudel, Trudel, engelsk Trudi, Trudie og Trudy og nederlandsk Truus.

Remove ads

Namneberarar

  • Heilage Gjertrud av Nivelles (626–659)
  • Heilage Gjertrud av Helfta (1256–1302), benediktinarnonne og katolsk helgen også kjend som Gjertrud den store
  • Gertrud Rask (1673-1735), kona til misjonæren Hans Egede
  • Gertrude Atherton (1857–1948), amerikansk forfattar
  • Gertrude Stein (1874–1946), amerikansk-fransk forfattar
  • Gertrude Vanderbilt Whitney (1875–1942), amerikansk kunstnar og kunstsamlar
  • Gertrude Malissa Nix Pridgett Rainey, kjend som Ma Rainey (1886/1882–1939), afroamerikansk bluessongar
  • Gertrud Scholtz-Klink (1902–1999), tysk nazileiar
  • Gertrude Ederle (1905-2003), USA-amerikansk symjar
  • Gertrude Mongella, (f. 1945), tanzaniansk politikar
  • Gjertrud Schnackenberg (f. 1953), amerikansk diktar
  • Gjertrud Økland (f. 1963), norsk fiolinist
  • Gjertrud Jynge (f. 1966), norsk skodespelar
  • Gjertrud Eia (f. 1979), norsk programleiar
Remove ads

Annan bruk

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads