Legendeeventyr
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Legendeeventyr eller religiøse eventyr er ei form for eventyr som minner om legender, men gjerne er mindre alvorlege enn desse.[1] Eventyra handlar om namngjevne personar, til dømes om gudar eller helgenar, og har ofte eit tydeleg religiøst innhald. Legendeeventyr har Aarne-Thompson-nummer 750–849.[2]

Personar som kan opptre i kristne legendeeventyr er Jesus, Vårherre, apostelen Peter og jomfru Maria i møte med ulike menneske. Det finst likande eventyr om heidenske gudar frå til dømes gresk og norrøn tradisjon.[2]
Nokre døme på legendeeventyr er «Gjertrudsfuglen» (AT 751A), «Evas ulike barn» (AT 758) om opphavet til dei underjordiske, og «Fandens sju spørsmål» (AT 812).[2]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads