Gharife

From Wikipedia, the free encyclopedia

Gharife
Remove ads

Gharifeh eller Gharife er ein landsby i Chouf distrikt i Libanon.

Kjappe fakta Land, Guvernement ...

Namnet har ukjend opphav, men kan kome frå assyrisk og tyde «klippe».

Gharifeh ligg 800 meter over havet, 56 km frå hovudstaden i Libanon, Beirut, og 8 kilometer frå Beit Ed Dine, det administrative senteret i distriktet. Det bur kring 8 260 innbyggjarar i Gharifeh.

Gharifeh er omgjeve av høge fjell og skogar. Han er kjend for olivenolja som kjem frå oliventre daterte til romartida. Det er gjort mange arkeologiske funn kring Gharifeh, som ei bru mellom Chouf og Iqlim el Kharroub, steinmøller og gamle romerske krukker.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads