Ghost Town av Poco

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Ghost Town er det femtande studioalbumet til det countryrockband Poco, utgjeve 20. september 1982. Det var det første albumet Poco gav ut på Atlantic Records og det siste albumet deira med besetninga som hadde spelt på gjennombrotet deira, Legend, i 1978. Charlie Harrison var ikkje med på det neste albumet, Inamorata i 1984.

Meir informasjon Poco-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Etter at Legend selde til gullplate i 1978 på ABC Records, vart dei neste tre albuma deira gjevne ut på MCA Records - som hadde kjøpt opp ABC - men desse vart ikkje like suksessrike. Ghost Town gjorde det ikkje særskild betre og nådde ikkje høgare enn 195. plassen på albumlista i USA.

Den første singelen frå Ghost Town var tittelsporet, men gjekk ikkje inn på den amerikanske Billboard Hot 100, men låg på «bubbling under»-lista på ein 108. plass. Den andre singelen, «Shoot for the Moon» nådde derimot 50. plassen i mars 1983. På Cash Box-lista nådde songen 44. plassen.[2] Songen nådde òg tiandeplassen på Adult Contemporary-lista i USA.

Ein tredje singel, «Break of Hearts», gjekk ikkje inn på lista. Cotton har fortalt at Poco hadde problem med Atlantic Records: Poco spelte inn eitt album til for Atlantic, Inamorata i 1984, men tok seg så ein pause fram til 1989, då RCA Records gav ut Legacy, som vart det andre Poco-albumet som selde til gullplate.

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

  • Paul Cotton - gitar, vokal
  • Rusty Young - steelgitar, gitar, vokal
  • Charlie Harrison - bass, vokal
  • Steve Chapman – trommer
  • Kim Bullard – klaverinstrument, vokal
  • Steve Forman – perkusjon
  • Armand Karpoff – cello
  • Phil Kenzie – saksofon
  • Buell Neidlinger – bass
  • Denise Subotnile – gitar, bratsj, vokal

Produksjon

  • Produsent: Poco, John H.R. Mills

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads