Gilgit

From Wikipedia, the free encyclopedia

Gilgitmap
Remove ads

Gilgit er ein by nordaust i Pakistan som er provinshovudstad for Gilgit-Baltistan og hovudby for Gilgit-distriktet. Han har ca. 10 000 innbyggjarar (2007), og er den einaste større byen i den nordlege delen av Pakistan.

Kjappe fakta Land, Distrikt ...
Remove ads

Historie

Gilgit var ein viktig by ved Silkevegen, og var ei rute for buddhismen til å bli formidla frå Sør-Asia til resten av Asia.[1] I fleire hundreår styrte det lokale Trakhàn-dynastiet over byen. Det enda om lag 1810 då radja Abas, den siste Trakhàn-herskaren, døydde.[1]

Rikdommen i området blei øydelagd av fleire tiår med krig og ein storflaum i 1841, då Indus blei sperra av eit ras nedanfor Hatu Pir og dalen blei demma opp.[2] Etter at Abas døydde blei Gilgit erobra av Sulaiman Shah, radjaen av Yasin-dalen. Radjaen av Punial, Azad Khan, drap så Sulaiman Shah og tok Gilgit, før det same skjedde med han då Tair Shah, radjaen av Buroshall (Nagar-dalen), tok makta. Sonen hans Shah Sakandar arva området, men blei avsett og drepen av Gaur Rahman, radjaen av Yasin. I 1842 tvinga bror til Shah Sakandar, Karim Khan, Gaur Rahman til å flykta med hjelp frå Sikh-føderasjonen. Sikh-generalen Nathu Shah lét troppar vakta staden, og Karim Khan herska over Gilgit fram til byen blei overgjeven til Gulab Singh av Jammu og Kashmir i 1846 gjennom Amritsar-traktaten.[1]

I 1848 gjekk fyrstestaten Hunza til åtak på staden. Herskarane blei drepne, men Hunza-styrkane blei rask drivne ut av dogra-troppan til Gulab Singh. Eit folkeleg opprør dreiv ut dei nye herskarane i 1852, og Gaur Rahman herska til han døydde i 1860. Deretter tok nye dogra-styrkar sende av Ranbir Singh, son av Gulab Singh, festningen og byen tilbake.[1]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads