Nastaliq-skrift

From Wikipedia, the free encyclopedia

Nastaliq-skrift
Remove ads

Nastaliq-skrift (persisk نستعلیق nastaʿlīq) er ei av hovudformene til å skriva det persiske alfabetet med, og historisk sett den dominerande stilarten innan persisk kalligrafi.

Thumb
Chalipa-panel av kalligrafen Mir Emad Hassani (1554–1615).

Nastaliq blei utvikla på 1400- og 1500-talet frå naskhi og taliq. Ho er ei handskriftprega skriftform med runda former og lange vassrette strok. Tekstlinjene er flytande heller enn rette, og plasseringa diakritiske teikn kan verka tilfeldig. Nastaliq-kalligrafi blei mykje brukt i safavidekunst som ein del av bilete.

Ei forenkla form av nastaliq tener som det primære skriftspråket for persisk, kasjmiri og urdu. Skrifta blir også ofte brukt side om side med naskh til å skriva pasjto. Ho kan også brukast til å skriva arabisk, då gjerne berre til titlar og overskrifter.

I det osmanske riket var skrifta kjend som tâlik og blei brukt til å skriva osmantyrkisk. Denne må ikke forvekslast med den persiske stilarten taʿliq, som osmanerane kalla ta'liq-i qadim ('gammal ta'liq').

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads