Magick Brother

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Magick Brother er debutalbumet til den progressive rockegruppa Gong, spelt inn i Paris i september og oktober 1969 og gjeve ut i mars 1970 på det franske selskapet BYG Actuel.

Meir informasjon Gong-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

Bandet hadde nyleg fått inn bassisten Christian Tritsch, men han kom ikkje inn i tide til å spele på albumet, så songaren, låtskrivaren og gitaristen Daevid Allen spelte bassgitar sjølv. Eit bilete av Allen som spelar bass for albumet er på plateomslaget. Dei nytta seg òg av jazzkontrabassisten Earl Freeman og Barre Phillips, som spelte inn musikk for selskapet på same tid, på tre spor.[2] Dieter Gewissler, som stundom spelte med Gong på denne tida og som normalt spelte fiolin, bidrog òg med noko «fri» kontrabass med boge på to spor. Plateomslaget vart trykt før den endelege rekkjefølgja på songane og titlane deira vart avgjort, så songane «Rational Anthem» (òg kjend som «Change the World») og «Glad To Sad To Say» vart oppførte feil.[3]

Kort tid etter albumet kom ut, heldt bandet den første konserten sin på BYG Actuel-festivalen i den vesle byen Amougies i Belgia den 27. oktober 1969, introdusert på scenen av Frank Zappa.[4]

Remove ads

Innhald

Alle songar er skrivne av Daevid Allen, men òg tilskriven kjærasten Gilli Smyth av rettslege årsaker.[5]

Produsert av Jean Georgakarakos og Jean Luc Young.

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Versjoen på CD har ei anna gruppering av spora og andre lengder:

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Andre medverkande
  • Barre Phillips – kontrabass på 4 & 10
  • Earl Freeman – kontrabass på 8, piano på 9
  • Burton Greene – piano på 8
  • Dieter Gewissler – kontrabass med boge på 2 & 9
  • Tasmin Smyth (dotter til Gilli) – røyst på 1 & 10

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads