Gitter

From Wikipedia, the free encyclopedia

Gitter
Remove ads

Gitter er eit arrangement av parallell- eller kross-stilte stenger med like lange avstandar imellom seg. Dei kan nyttast som sperre mot menneske, dyr eller framandlekamar. Gitter er gjerne laga av metall, men ein kan òg bruka tre, stein eller plastikk.

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Gitter (fleirtyding).
Thumb
Gittergjerde i Madrid i Spania

Historie

Framstilling

Thumb
Jugendstil-espalier dekorert med smidd lauvverk framfor Wuppermannpark i Leverkusen-Schlebusch.

Gitter er ofte laga av smijern eller støypejern, i mellomalderen blei det òg nytta messing. Metallstengene, -strimlane eller -banda i gittera var laga av metall og blei haldne saman i skjeringspunkta med samanføyingar eller naglar. Samanføyinga av stengene fekk snart stor variasjon og kunstnerisk utforming. Dei glatte stengene og banda blei seinare dekorerte med smidde eller støypte blad, blomar, arabeskar, menneske- og dyrefigurar, og til og med groteskar, slik at gittera til slutt blei betydelege kunstverk og luksuriøst utsmykka med teknikkar som forgylling.

I dag kan ein bruka konstruksjonsstål, mjukt jern eller reint jern.[1] Smibronse blir også bruka nokre stader.

Bruk

Thumb
Gitter i den romersk-katolske Kyrkja av Den heilage krossen i Augsburg

Gitter er blitt mykje nytta i kyrkjer og kapell, for å avslutta koret i eit skip, for å inneslutta gravminne inne i kyrkjene, for å ramma inn døypefontar og elles rundt brunnar og offentlege monument. Under renessansen blei gitter også vanlege i privat arkitektur,[2] og er blitt verande det til moderne tid, med varierande bruk til portar, dører, vindauge, opningar og gjerde. For å endra den typiske svarte jernfargen kan ein nytta forgylling, forkopring, fornikling og liknande.

Døme

Karakteristiske døme på gitter er det gotiske gitteverket ved Quintin-Massys-brunnen i Antwerpen, gitteret i Freising domkyrkje, gitteret ved gravmælet til Karl IV i Praha domkyrkje og gitteret ved Augustusbrunnen í Augsburg.

Remove ads

Sikringsmiddel

Gitter kan både brukast som dekorasjon og som vern eller stengsel. Dører og vindauge med gitter kan nyttast i fengsel og liknande for å halda innsette fanga og trygge. I andre bygningar, som private hus, kan gitter nyttast for å hindra innbrot. Gittergjerde blir også installert ved bygningar som krev sikring.

Galleri

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads