Gjallarbrua
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Gjallarbrua (norrønt Gjallarbrú, 'brua over Gjall') er ei bru som fører til dødsriket i norrøn mytologi. Brua går over elva Gjall, som skil dei levande frå dei daude. Ho er «kledd med lysande gull».[1] Møya Modgunn vaktar over henne.[2][3] Brua er også omtalt i seinare kristen mellomalderlitteratur.

Remove ads
Gylfaginning
Gjallarbrua er omtalt i Gylfaginning i Den yngre Edda. Ifølgje Snorre har ho eit tak av gull (Hon er þǫkð lýsigulli.) Etter at Balder har døydd dreg bror hans, Hermod, til dødsriket på Sleipner for å henta Balder tilbake frå dei døde. Han må over Gjallarbrua, men blir stoppa av Modgunn. For å koma forbi må han oppgje kven han er og kva han skal.[4]
Draumkvedet
I det seinmellomalderske Draumkvedet, som har katolsk innhald, fortel Olav Åsteson (eller Åkneson) om ei ferd til dødsriket.[5] Her er Gjallarbrua skildra i fleire strofer som farlig og bratt, og svaiar i vinden. Ho har kvasse taggar og er vakta av ville dyr.[6]
Det finst over 100 kjende variantar av diktet, der dei fleste er brotstykke. Den best kjende versjonen i dag er Moltke Moe sin rekonstruksjon frå 1890-talet. [7] Han kallar brua «Gjaddarbrui».[6]
I ei nedskrift frå etter Maren Ramskeid av M.B. Landstad frå 1840-åra er Gjallarbrua omtalt som «Gjeddarbroi»:
- Aa Gjeddarbroi den æ vond
- aa inkje go aa gange.
- Bikkjune bite aa Ormane sting,
- aa Stutæne stænd aa stangar. [8]
I ei oppskrift etter Anne Lillegård gjort av Jørgen Moe i 1847 blir brua kalla «Gjæddarbro'e»:
- Kjæm eg me aat Gjæddarbro'e
- hængje saa høgt i Vinde
- va fast me Krokar slægje'
- aa Nagle me korjom Tinde.[9]
Remove ads
Førestillingar om ei bru til dødsriket
Namnet «Gjallarbrua» er berre dokumentert i islandsk mellomalderlitteratur i Den yngre Edda av Snorre Sturlasson (Gylfaginning 49),[10][11] og i eit dikt av brorsonen til Snorre, Sturla Tordarson, der uttrykket «gå over Gjallarbrua» blir nytta som omskriving for å døy (Hákonarkviða, strofe 24.)[12] Sjølv om namnet på brua berre finst skriftleg bevart i desse islandske tekstane, har det truleg funnest ei liknande førestilling i heile Skandinavia.[11] I Draumkvedet blir brua kalla Gjaddarbrui. I danske folkeviser er dødsbrua kjend som Gjællebro eller Gjeldebro,[13] og svenske dikt frå 1600-talet omtalar Gillebro som brua til helvete (eller kanskje dødsriket).[13][14]
Førestillinga om ei bru som går mellom dei levande og dei daude si verd finst elles også i fornaldersoger og riddarsoger, til dømes i Eiríks saga víðfǫrla og Konráðs saga keisarasonar, i tilleg til i kristen visjonsdikting.[11]
Sjå òg
- Gjallarhorn
- Bifrost, himmelbrua mellom verda til menneskja og gudane si verd
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads