Glasering

From Wikipedia, the free encyclopedia

Glasering
Remove ads

Glasering er ein prosess som gjer ei overflate blank ved å dekka henne med glasur. Det kan gjerast innan matlaging, som er omtala her, og keramikk, som er omtala under glasur. Ordet er avleia av glas.

Thumb
Glaserte pommes d'amour, 'kjærleikseple'.
Foto: «Greudin», 2002

Ofte kan ein bruka eggekvite og melis til glasering. Ein kan også bruka smør, sukker, mjølk[1] og ein del matoljer.[2]

Glasering av mat for smak er til dømes å ha smelta sukker, sirup, honning eller anna søtemiddel på maten. Dette gjev ein søtleg smak, og kan få ein matrett til å smaka mykje annleis. Døme på matrettar som stundom vert glaserte er and, fenikkel og pinnekjøt (til julemiddagen somme stader på Vestlandet).

Glasering av mat for syn og frambyding vert hyppig nytta i matkonkurransar. Då lagar dei eit bad av gelatin og glukose, og duppar dei kalde rettane i det før dei stiller dei ut. Dette hjelper til at maten held seg fast og på plass, og ikkje misser den friske glansen.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads