Glenn Tipton
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Glenn Raymond Tipton (fødd 25. oktober 1947) er ein engelsk gitarist og låtskrivar, mest kjend som ein av sologitaristane i heavy metal-bandet Judas Priest. Han er kjend for den komplekse spelestilen og soloane som er inspirerte av klassisk musikk.

Tipton lærte seg først å spele gitar då han var 19 år gammal og det første bandet hans var Shave Em' Dry, som vart Merlin og så Flying Hat Band. I mai 1974 kom Tipton med i Judas Priest, under innspelinga for Rocka Rolla. Tipton har vore med i Judas Priest sidan den gongen.
Remove ads
Utmerkingar og tilvisingar
- Han vart rangert på 19. plassen på lista til rockemagasinet Hit Parader over dei 100 beste metal-gitaristane.
- Han vart rangert på 28. plassen på lista til Gigwise over dei 50 beste gitaristane.[1]
- Han vart rangert på niandeplassen på lista til MusicRadar over dei 20 beste metal-gitaristane gjennom tidenen.[2]
- Han vart rangert på 25. plassen på lista til Joel Mclver over dei 100 beste metal-gitaristane.[3]
- Sun Kil Moon gav ut ein song kalla «Glenn Tipton» på albumet Ghosts of the Great Highway.
- I det populære videospelet Guitar Hero II, er det ein spelbar karakter kalla Izzy Sparks, som har klede som liknar dei Glenn Tipton nytta under Screaming for Vengeance-turneen i 1983.
- Kerry King i Slayer har sagt at Tipton er ein av dei mest undervurderte gitaristane i verda og at Tipton var ein av dei første inspirasjonskjeldene hans.[4]
- Dave Mustaine: «Glenn Tipton er min gitarhelt. Eg kjøpte til og med ein Fedora-hatt fordi eg såg Glenn Tipton med ein sånn i Sad Wings of Destiny-tida. Men eg såg ikkje like kul ut som han.»
Remove ads
Diskografi
Solo
- Baptizm of Fire (1997)
- Edge of the World (2006)
Judas Priest
Sjå Judas Priest for den komplette lista over Judas Priest-album. Tipton spelte gitar på alle albuma deira.
Som gjesteartist
- Gjestemusikar i 1995 på albumet Foma av post-grunge-bandet The Nixons.
- Songen «Spirit of America» av Samantha Fox.
- Glenn spelte inn gitar for videospelet Brütal Legend.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads