Screaming for Vengeance
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Screaming for Vengeance er det åttande studioalbumet av det britiske heavy metal-bandet Judas Priest. Albumet vert rekna som det kommersielle gjennombrotet til bandet, og selde over fem millionar plater verda over. Det selde til dobbel platinaplate i USA og platina i Canada. Albumet inneheld hitsinglen «You've Got Another Thing Comin'», som vart ein av signaturlåtane til bandet og mykje spelt på radio.
Remove ads
Innspeling og utgjeving
Screaming for Vengeance vart spelt inn i Ibiza Sound Studios på Ibiza i Spania og miksa i Beejay Recording Studios og Bayshore Recording Studios i Coconut Grove i Florida. Stilmessig var Screaming for Vengeance hardare og tyngre enn British Steel og bandet tok ei retning attende til meir beintfram heavy rock etter den meir melodiske stilen på Point of Entry. Albumet er òg første gongen ein Priest-trommeslagar har spelt på meir enn to Judas Priest-album, då Dave Holland hadde spelt på både British Steel og Point of Entry.
Den mest kommersielt suksessrike singelen frå albumet, «You've Got Another Thing Comin'», vart lagt til albumet i siste augneblink. I følgje gitaristen K.K. Downing «var me ganske nøgde med albumet, men fann ut ganske seint at me skulle ha med ein song til. Me hadde visse delar av songen klar allereie, men skreiv songen ferdig under miksinga i Bee Jay studios. Det skjedde raskt og eg hugsar at me alle likte godt songen, sidan han høyrtest ut som ein god køyresong og kanskje ein god radiosong.»[1] Rob Halford var overraska over suksessen til songen «den songen var gravlagd. Vanlegvis set du dei songane du trur vil gjere det bra fremst. Men venene våre i Sony sa 'Me kjem til å gå for denne songen.' Og me visste verkeleg ikkje kva som føregjekk. Men tilbakemeldingane kom attende, 'Hei, den plata gjer det bra i den og den byen,' og så tok det berre av.»[2]
Screaming for Vengeance vart gjeve ut den 17. juli 1982 og ein nymastra CD-versjon kom ut i mai 2001. I 2010 vart 30-årsjubileumsutgåva til albumet gjeve ut.[1]
Remove ads
Turné
The Vengeance-turneen byrja kort tid etter albumet kom ut i juli 1982 og fokuserte på Nord-Amerika på sommaren og hausten. Priest spelte ikkje i Europa før i desember 1983. Vektlegginga på USA kom av at albumet selde godt der på den tida, og særleg fordi «You've Got Another Thing Comin'» vart ein stor it. Denne og «Electric Eye» vart faste konsertsongar for bandet påå til nyare tid.
Mottaking
Medan British Steel frå 1980 har blitt omtalt som meisterverket til bandet,[11] var Screaming for Vengeance gjennombrotet til Judas Priest i Nord-Amerika. Sjølv om alle Judas Priest-albuma sidan Sin After Sin i 1977 selde til gullpalte i USA og bandet hadde hatt ein større tilhengjarskare sidan 1979, selde dei «relativt få» plater før Screaming for Vengeance. Albumet selde òg godt verda over.
Screaming for Vengeance nådde 11. plassen på UK Albums Chart og 17. plassen på Billboard 200 Pop Albums i USA. Den 16. oktober 2001 hadde albumet selt til dobbel platinaplate.[12]
Lovord
Albumet vart rangert på 15. plassen på lista til IGN over dei 25 mest innverknadstunge metal-albuma. Screaming for Vengeance vart òg plassert på tiandeplassen på lista til Metal-Rules.com si liste over dei 100 beste metal-albuma. Kerrang! sette albumet på 46. plassen på lista si over dei 100 beste heavy metal-albuma gjennom tidene.
Innhald
Alle spor skrivne av Glenn Tipton, Rob Halford og K.K. Downing, utanom der anna er nemnt
Konsert-DVD med 30-årsjubileumsutgåva
Remove ads
Medverkande
- Judas Priest
- Rob Halford – vokal
- K.K. Downing – gitar
- Glenn Tipton – gitar
- Ian Hill – bassgitar
- Dave Holland – trommer
- Produksjon
Lister
Remove ads
Salstrofé
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads