Gliding Bird

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Gliding Bird er debutalbumet av den USA-amerikanske countrysongaren Emmylou Harris, gjeve ut i 1969 på Jubilee Records (JGS-8031.) Førenamnet hennar vart skrive som to ord, «Emmy Lou», på plateomslaget.

Meir informasjon Emmylou Harris-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Før ho møtte mentoren sin, Gram Parsons, og vart ein kjend countrysongar, byrja Harris å syngje visesongar, men Gliding Bird syner likevel ein eklektisk smak som ein òg fann på dei seinare platene hennar. Albumet inneheld fem viser av Harris (påverka av Joan Baez og Joni Mitchell) i tillegg til countryrock av Bob Dylan og Fred Neil, klassisk country av Hank Williams og ei folk-pop-utgåve av ein Dionne Warwick/Bacharach/David-hit. Ikkje før The Ballad of Sally Rose i 1985 hadde eit Harris-album meir enn to av hennar eigne songar.

Jubilee Records vart lagt ned kort tid etter albumet kom ut, og det vart derfor ikkje verken distribuert eller marknadsført. Katalogen til selskapet vart kjøpt av Roulette Records. Ingen av singlane frå albumet gjekk inn på singellista i USA. Tittelsporet «Gliding Bird», var skriven av den dåverande ektemannen, Tom Slocum. Albumet vart sidan gjeven ut på selskapet Emus med eit anna plateomslag.

Sjølv om det teknisk sett er det første albumet til Harris, har ho sidan fornekta plata og reknar Pieces of the Sky frå 1975 som det første «offisielle» albumet hennar. I 2007 kom plateboksen Songbird med sjeldant materiale frå Rhino Records, med ein alternativ, noko kortare versjon av songen «Clocks» frå innspelinga av Gliding Bird.

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

  • Ray Ellis – produsent, arrangement
  • Mickey Eichner – leiande produsent
  • Souren Mozian – lydteknikar
  • The Graffiteria – design, fotografi

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads