Go’dagen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Go’dagen
Remove ads

Go’dagen er ein skulptur av bilethoggaren Tone Thiis Schjetne. Han er totalt ca. 175 cm høg og støypt i bronse. Han blei laga i 1980 og finst i to eksemplar: Eit står i Stavanger og eit i Trondheim.[1][2]

Kjappe fakta Kunstnar, År ...
Thumb
Go’dagen i Trondheim, med Nidarosdomen i bakgrunnen
Thumb
Kånå i Stavanger har fått ein litt bortgøymd plass, etter flyttinga frå torvet

I Trondheim står skulpturen like ved Torvet, og blir ofte kalla Torgkona. Stavanger fekk sin skulptur midt på 1980-talet. I samband med Stavanger Festdager 1983 blei fleire verk av ulike bilethoggarar utstilte i Bjergstedparken. Go'dagen var ein av desse skulpturane. Fleire i Stavanger ønskte å behalde skulpturen, som dei allereie hadde gjeve kallenamnet Kånå, då utstillinga var over. Dette blei gjort mogleg gjennom ei kronerulling blant næringsdrivande i sentrum og befolkninga elles i byen.[3]

Kånå blei sett opp på torget i Stavanger og stod der i rundt 20 år. I midten av januar 2005, i høve med bygginga av Tusenårsstaden, blei skulpturen flytta til Lille Sølvbergtorget, midt i den gamle delen av sentrum.[4]

Trondheim kommune kjøpte si utgåve av Go’dagen noko seinare enn Stavanger, i 1983.[2] Skulpturen står oppstilt rett utanfor der turistkontoret i Trondheim tidlegare låg, like ved torget.

Ei lita statuett-utgåve av Go’dagen blir delt ut til mottakarane av Trondheim kommunes kulturpris.[5]

Modellen til Go’dagen var Anna Kornelia Holm, ei kvinne frå Skjervøy i Troms, som kom til Trondheim som ung jente for å arbeide som hushjelp.[6] Ho arbeidde aldri som torgkone, sjølv om enkelte har trudd det, fordi skulpturen av og til blir kalla «Torgkona».[2][7] Etter krigen var Anna Holm pensjonist og var mykje av tida si på torget i Trondheim, eller ho sat på ei benk ved Nidarosdomen. Alle som helsa, fekk eit blidt «Go'dagen» til svar.[8] Tone Thiis Schjetne hadde lagd merke til kona som gjekk rundt og helsa på folk. Ho fekk lyst til å lage ein studie av henne og i 1957 sat Anna Holm modell for henne.[6] Holm skal også ha sete modell for mora til Tone Thiis Schjetne, kunstnaren Greta Thiis.[7]

Då Schjetne rundt 1980 ønskte å lage ein stor skulptur av kona, tok ho med den vesle skulpturen som modell og reiste til Paris for å realisere dette.[9] Resultatet blei Go’dagen.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads