Greta Thiis
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Greta Thiis (25. mai 1896–2. september 1982) var ein svenskfødd norsk kunstmålar og kunstadministrator, med fleire separatutstillingar og inntakingar til Haustutstillinga.
Remove ads
Liv og virke
Eigentleg heitte ho Greta Wilhelmina Swenborg. Foreldra hennar var postmannen Jöns Swenborg (1853–1936) og Kerstin Lundquist (1858–1930). I Stockholm, den 28. oktober 1923, gifta ho seg med nordmannen Helge Thiis (1897–1972) som hadde studert arkitektur i byen nokre år. Etter eit års ferie og jobb i Italia budde dei i Kristiania fram til 1930, då Helge måtte til Trondheim for å jobbe med Nidarosdomen. Dei hadde då barna Aina Thiis Leirdal (fødd 1924), som blei keramikar, og Tone Thiis Schjetne (1928–2015), som blei bilethoggar. I Trondheim fekk dei glaskunstnaren Ragna Thiis (fødd 1940).[1] Under den andre verdskrigen hadde mannen spionert på tyskarane og måtte flykte med Greta og barna til Sverige. Dei var fyrst eit par år i Stockholm og så eit år i Dalarna.[2] Dottera Aina byrja på Konstfackskolan i 1943.
Sjølv byrja Greta å måle i 1934 og blei med ein gong teken inn på Haustutstillinga, der ho også hadde eit titals oppheng i åra etter. Ifølgje Johan Fredrik Michelet var Filosofen av 1935 «i en realistisk stil med et naivistisk anstrøk», sjølv om kunstnaren «kom sent i gang med å male».[3] Også Reidar Revold meinte ho hadde «naivistisk detaljerte bilder».[4] Etter å ha hatt to separatutstillingar i Trondheim og ei i Stockholm, debuterte ho 1951 i Kunstnerforbundet i Oslo med 35 måleri og liknande i ei separatutstilling.[5] Eit av dei var «Fra Søder i Stockholm». I 1948 var ho ein av 29 trøndermålarar i Oslo Kunstforening, og sat også i komiteen som førebudde utstillinga.[6]
I 1959 stal ein 12-åring eit av bileta hennar frå Trondheim katedralskole og forsøkte fånyttes å selje det for 4 kroner til ein mann.[7] I 1963 hadde ho ei utstilling på Permanenten i Bergen av måleria sine frå Hellas, mellom anna Kvell, Mykonos og Muren og blomsten, som Johan Fredrik Michelet meinte «bærer preg av for liten tid til innlevelse» og på grensa til å vere «turistmaleri».[8] Ho bidrog såvel til utsmykkinga av Dombås kyrkje (innvigd 1939) og Vadsø kyrkje (innvigd 1959).
Greta Thiis omsette ein del, som i 1933 då ho tok for seg Marie Hamsun si Bygdebørn, som på svensk blei Barnen på Fäbodvallen. Ho skreiv også kronikkar, som i 1930 då ho i Aftenposten skreiv om Arkitektstudiets nye veier (10.11.1930). Den siste separatutstillinga hennar gjekk av i 1981, eit år før ho døydde.[9] Ho er æresmedlem i Trøndelag Bildende Kunstnere som ho leia i perioden 1951–67. Elles tok ho i 1949 initiativ til Trondheim kunstskole (som blei til Kunstakademiet i Trondheim), og som ho leia i tjuefem år. Mannen hennar Helge Thiis døydde i 1972 etter å ha vore domkyrkjearkitekt og leiar av restaureringsarbeida av Nidarosdomen frå 1930.

Remove ads
Verk
- Filosofen, 1935
- Vårstigen, Dovre, 1938
- Altartavle, Dombås kyrkje[10]
- Fra Kvikne
- Stilleben med terrakottahode
- Ragnas dukker
- Fra Søder i Stockholm
- Sødermalm
- Oliventrær, 1952
- Kvell, Mykonos
- Muren og blomsten
Omsetjingar
- Marie Hamsun (1935). Barnen på fäbodvallen. Lindblad, Uppsala. s. 194.
- Johan Henrik Langaard (1929). Samtida konst i Norge, ett urval bilder med inledande text om nyare norsk målarkonst. John Kroon/Malmö ljustrycksanstalt. s. 184 (total).
- Peter Bendow (1928). Miss Eves ökenäventyr. Eklund.
- Arne Fjellbu (1934). Själavård. Svenska kyrkans diakonistyrelse. s. 248.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads