Go Go Go (Down the Line)

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Go Go Go (Down the Line)» (ofte berre kalla «Down the Line») er ein song av Roy Orbison, gjeve ut i 1956. Dette var den første songen Orbison skreiv.[1]

Meir informasjon A-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Bakgrunn

Songen vart gjeven ut som ein singel på Sun Records i mai 1956, Sun 242, Matrix # U-193, som B-sida til «Ooby Dooby» med gruppa til Orbison the Teen Kings.[2][3] Dette var den første utgjevinga til Orbison på Sun Records.

Songen vart òg gjeven ut under tittelen «Down the Line». Sam Phillips, eigaren og grunnleggaren av Sun Records, kjøpte songane til Orbison og sette seg sjølv opp som låtskrivar, for å få inntektene for songen, sjølv om et var Orbison som faktisk skreiv songen.

Remove ads

Andre versjonar

Songen er blitt spelt av fleire andre artistar som Mickey Gilley i 1964, The Hollies i 1965, Cliff Richard og The Drifters i 1959, og Billy Fury.[4] Ricky Nelson spelte inn ein versjon av songen i 1958 for albumet Ricky Nelson. Ein versjon av Johnny Cash finst på Unearthed.

Jerry Lee Lewis gav ut songen som singel på Sun i februar 1958 i lag med «Breathless».[5]

Orbison spelte songen på konserten Roy Orbison and Friends, A Black and White Night i 1988 med mange kjende gjestemusikarar, som Bruce Springsteen, Elvis Costello, James Burton og T Bone Burnett. Songen vart òg gjeven ut på konsertalbumet A Black & White Night Live i 1989.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads