Goin' to Memphis
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Goin' to Memphis er det åttande studioalbumet til den amerikanske poprockgruppa Paul Revere & the Raiders. Albumet var produsert av Chips Moman, utanom ein song («Peace of Mind») som var produsert av Terry Melcher. Albumet kom ut i 1968 og nådde 61. plassen på den amerikanske albumlista.
Remove ads
Utgjeving
Goin' to Memphis var neste for eit soloalbum av Mark Lindsay å rekne.[1][2] Lindsay skreiv seks av dei tolv songane på albumet, og var medlåtskrivar på ein sjuande, i tillegg til å skrive to songar som seinare kom ut som bonusspor. Paul Revere & the Raiders spelar berre på ein song - «Peace of Mind»,[1] sidan Chips Moman ikkje ville produsere albumet med mindre han fekk bruke det faste bandet sitt, som òg er tilskrive for jobben.[3] Med unntaket «Peace of Mind», vart alle songane arrangerte av Chips Moman og Mark Lindsay.[3]
Goin' to Memphis var det siste Raiders-albumet der Terry Melcher produserte ei innspeling.[2] Albumet kom ut i 1968 og var det siste albumet deira som kom ut i både mono og stereo. Albumet nådde 61. plassen på Billboard 200-lista.[4]
I ei melding i Billboard stod det at Memphis soul «passa naturleg» for bandet sidan «dei alltid har hatt eit snev av soul i songane sine».[5] Allmusic og Bruce Eder kalla albumet «eit kraftig steg til sida, utan spor av garage punk eller pop-psykedelia frå dei tidlegare albuma deira, men det var òg ein forholdsvis stor suksess.» Han skildra vokalen til Lindsay, som «usedvanleg sterk og ru» og meinte at Goin' to Memphis kan ha inspirert Lindsay til å satse på ein solokarriere.[1]
Albumet kom ut på ny med betre lyd den 1. februar 2000 på Sundazed Records med bonusspor.
Remove ads
Innhald
Remove ads
Salslister
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads