Going Back

album av Phil Collins From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Going Back er det åttande studioalbumet til Phil Collins. Det kom ut 13. september 2010 i Storbritannia[1] og 28. september 2010 i USA,[2] og består av innspelingar av klassiske Motown- & soulsongar. Det var det første fulle soloalbumet hans på åtte år etter at Collins hovudsakleg hadde fokusert på filmmusikk, samlealbum og omfattande turnear som soloartist og med Genesis.

Meir informasjon Phil Collins-kronologi, Singlar frå ...

Collins hadde tidlegare spelt inn og framført Motown-songar i karrieren sin, mellom andre «You Can't Hurry Love» som gjekk til topps i Storbritannia i 1983. I tillegg finn ein den Motown-aktige «Two Hearts», som vart skriven i lag med Motown-låtskrivaren Lamont Dozier for filmen Buster i 1988, og Smokey Robinson & The Miracles sin «Tears of a Clown» som kom ut som B-side til singelen «The Least You Can Do» i 2003. Eit konsertopptak av «My Girl» finst på den japanske utgåva av Live from the Board frå 1995 og seinare Love Songs: A Compilation... Old and New i 2004.

Det finst to utgåver av albumet; eit med 18 spor og ein avgrensa Going Back Ultimate Edition 25-spor CD/29-spor DVD.[3] Amazon.com har òg ein eksklusiv CD-R 25-spors-utgåve. iTunes har eit utvida iTunes LP HD-format med 26 lydspor, ein musikkvideo og anna innhald. Albumet vart marknadsført med ei rekkje konsertar sommaren 2010.

Collins indikerte i intervju at Going Back mest truleg vart det siste prosjektet hans og at han vurderte å permanent trekke seg frå musikkindustrien. Dette vart stadfesta i 2011, noko som gjer Going Back til det siste verket til Collins.[4]

Remove ads

Mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Samla karakter ...

Albumet fekk blanda kritikk då det kom ut. Det nådde toppen av albumlista i Nederland i september 2010[14] og seinare same månaden nådde det toppen av den britiske albumlista.[7] Dette var første førsteplassen til Collins på 12 år etter (...Hits) og på 17 år (Both Sides) om ein berre tel album med nye songar.

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

I tillegg til den utvida CDen inneheld DVDen heile Going Back Session Recordings - alle 29 spor kan overførast til PC som anten WAV- eller mp3-filer (320kbit/s).

Dei fire bonusspora på DVDen er:

  • «Too Many Fish in the Sea» (Whitfield/Holland) – 2:31
  • «You Keep Me Hangin' On» (Holland–Dozier–Holland) (This track also an iTunes Digital Bonus Track) – 2:58
  • «Tears of a Clown» (Robinson/Wonder/Hank Cosby) – 3:00
  • «Too Busy Thinking About My Baby» (Whitfield/Strong/Janie Bradford) – 3:07

DVDen inneheld òg videoar:

Going Back ... The Home Movie - 87 minuttar lang dokumentar fortald av Phil Collins

A Conversation With Phil Collins - 22 minuttar lang dokumentar med intervju av Phil Collins og andre musikarar på prosjektet.

«(Love Is Like a) Heatwave» - musikkvideo

«Going Back» - musikkvideo

Remove ads

Medverkande

  • Phil Collins – solovokal, korvokal (1, 4, 7, 8, 10–13, 15–18), trommer (1–8, 10–18), perkusjon (1, 2, 3, 5, 6, 8, 10–18), klaverinstrument (1, 2, 3, 11, 14, 17, 18), akustisk piano (4, 5), bass (4, 9, 11, 14), klokkespel (5), elektrisk piano (8), harpe (8), klapping (8), tramping (12), gitar (14), orgel (16), knipsing (18)
  • Ray Monette – gitar (1, 2, 3, 5, 6, 8, 10, 12, 13, 15, 16, 17), wah-wah-gitar (8)
  • Eddie Willis – gitar (1, 2, 3, 5, 6, 8, 10, 12, 13, 15–18)
  • Bob Babbitt – bassgitar (1, 2, 3, 5–8, 10, 12, 13, 15–18)
  • Ronnie Caryl – akustisk gitar (7, 11)
  • Connie Jackson-Comegys – korvokal (2, 3, 5, 6, 7, 11, 12, 14)
  • Lynne Fiddmont-Linsey – korvokal (2, 3, 5, 6, 7, 11, 12, 14)
  • Jason Rebello – vibrafon (5, 13), akustisk piano (6, 7, 12, 13, 15, 16), elektrisk piano (7)
  • John Aram – trombone (1, 2, 3, 5, 6, 12, 13, 14, 16, 17), klapping (8), knipsing (18), blåsearrangement og transkripsjon
  • Guy Barker – trompet (1, 2, 3, 5, 6, 12, 13, 14, 16, 17), trompetsolo (8)
  • Tom Rees-Roberts – trompet (1, 2, 3, 5, 6, 12, 13, 14, 16, 17)
  • Phil Todd – barytonsaksofon (1, 2, 3, 5, 6, 12, 13, 14, 15, 16, 17), fløyte (9), pikkolofløyte (10)
  • Graeme Blevins – tenorsaksofon (1, 2, 3, 5, 6, 12, 13, 14, 16, 17), tenorsaksofonsolo (13, 16)
  • Celeste-Marie Roy – fagott (10)
  • Steve Jones – klapping (8), knipsing (18)
  • Nicholas and Matthew Collins – klapping (8), knipsing (18), tramping (12), korvokal (14)
  • Scott Stroman – strykearrangement og transkripsjonar, dirigent
  • Menhuin Academy – strykarar

Produksjon

  • Produsert av Phil Collins
  • Lydteknikar - Yvan Bing
  • Assisterande lydteknikar – Thoraya Binzagar and Thierry Chaunay
  • Miksa av Yvan Bing og Phil Collins ved Dinemec Studio
  • Mastera av Kevin Reeves ved Mastering Studios-East.
  • Kunstverrk – Mike Hosey

Salslister

Meir informasjon Liste, Plassering ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads