Going for the One
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Going for the One er det åttende studioalbumet fra det engelske progressiv rock-bandet Yes, utgjeve sommaren 1977. Etter eit lengre opphald frå bandet grunna solo-prosjekt, presenterte bandet eit friskt og moderne album. Rick Wakeman kom tilbake til bandet etter at Patrick Moraz forlet Yes hausten 1976. Moraz var med på et tidleg stadium av låtskrivinga og innspelinga, men er ikkje kreditert for innsatsen sin, anna enn ein spesiell takk på innercoveret.
Albumet kom på åttandeplass på Billboard 200 i USA, nådde toppen av UK Albums Chart i Storbritannia[6] og på sjuandeplass på VG-lista topp 40 i Noreg.[7]
Remove ads
Bakgrunn
På hausten 1976 møttest Yes i Sveits for å skrive låtar og spele inn eit nytt album. Etter kort tid fekk Patrick Moraz melding om at tenestene hans ikkje var ynskt meir, og Rick Wakeman vart kontakta for å medverke på albumet som studiomusikar.
Ikkje lenge etter at Wakeman var på plass, vart han av Chris Squire bede om å kome tilbake til bandet som fulltidsmedlem, noko Wakeman takka ja til fordi han likte musikken. Seinare den kvelden sat Wakeman og las den siste utgåva av musikkavisa Sounds, der han kunne lese at han var tilbake i Yes. Han syntest dette var vel kjapt levert, og spurde manager Brian Lane om dette. Wakeman hadde jo sagt ja berre få timar før. «Kvalifisert gjetting. Av og til er det slik ein manager må jobbe», var svaret frå Lane.
Musikken er denne gongen meir rock-inspirert enn nokre av dei tidlegare albuma, og tittellåten «Going for the One» og «Parallels» kan nesten klassifiserast som reine rockelåtar. Her er òg to reine balladar, «Turn of the Century» og singelhitten «Wondrous Stories». Stavinga av «Wondrous» er tilsikta og ingen skrivefeil av «Wonderous». Til slutt på albumet finn vi «Awaken», som er rekna som den siste episke komposisjonen til Yes. Dette er ein komposisjon som av Jon Anderson blir nemnt som favorittensongen hans av Yes.
Dette er òg det første av to plateomslag som er laga av Hipgnosis, som er mest kjent for plateomslaga for Pink Floyd.
Remove ads
Sporliste
Remove ads
Medverkande
- Jon Anderson: vokal, perkusjon og harpe
- Chris Squire: bass og vokal
- Steve Howe: elektrisk og akustisk gitar, portugisisk 12-strengers gitar, pedal steelgitar, vokal
- Rick Wakeman: piano, Hammondorgel, Polymoog og Minimoog synthesizere, kirkeorgel
- Alan White: trommer, perkusjon
Ny-utgjevingar
- 1988 – Atlantic – CD
- 1994 – Atlantic – CD (Remaster)
- 2001 – Japansk Limited Edition
- 2003 – Rhino – LP & CD (Remaster med bonusspor)
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads