Good Rocking Tonight
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Good Rocking Tonight» var opphavleg ein jump blues-song frå 1947, skriven og spelt inn av Roy Brown[1] og spelt inn av mange andre artistar sidan. Refrenget i songen går «Well I heard the news, there's good rocking tonight!» Songen hadde fleire element av rock and roll.[2]
Remove ads
Original
Brown hadde først prøvd å gje songen til Wynonie Harris, som takka nei. Han gjekk så til Cecil Gant same dagen,m en etter å ha høyrt Brown syngje, ringde Gant til Jules Braun, direktør i DeLuxe Record, kl. 0230. Etter at Roy Brown song songen over telefon, bad Braun Brown om å syngje han ein gong til. Han sa så til Gant, «Gje han femti dollar og ikkje slepp han ut av syne».[3]
Fem veker seinare spelte Brown inn songen for DeLuxe Records. Først etter at innspelinga til Brown byrja å bli populær i New Orleans valde Harris å spele han inn. Harr sin versjon var meir energisk enn originalversjonen til Brown, med gospel-aktig klapping. Dette kan han medverka til at songen gjekk inn på den nasjonale R&B-lista. Den originale innspeligna til Brown nådde 13. plassen på Billboard R&B-lista, medan Harris sin versjon gjekk heilt til topps og låg inne på lista i eit halvt år.[4] Singelen til Brown gjekk inn att på lista i 1949 og nådde då 11. plassen.
Harris var kjend for å ta seg ein fest, og gløymde stundom teksten. Versjonen hans av «Good Rockin'» følgde stort sett teksten til Brown, men mot slutten erstatta han den siste delen av fleire «hoy hoy hoy!», eit vanleg uttrykk i jump blues på den tida attende til «The Honeydripper» av Joe Liggins i 1945.
Songen danna eit slags grunnlag for populær svart musikk på den tida, med tekstreferansar til Sweet Lorraine, Sioux City Sue, Sweet Georgia Brown, Caldonia, Elder Brown og Deacon Jones. Alle desse personane hadde ofte blitt nemnt i tidlegare hitsongar. Songen er òg rekna som den mest suksessrike songen fram til då som nytta ordet «rock» for å skildre musikken og ikkje berre som ein eufemisme for sex. Denne samanhengen vart enno tydlegare i 1954 då Elvis Presley det året gav ut songen som den andre singelen hans.
Sjølv om Brown ikkje fekk den største hitten med sin versjon, gjorde suksessen at karrieren hans vart sparka i gang, og han fekk sidan to songar på toppen av R&B-lista. I 1949 gav han ut «Rockin' at Midnight», ein oppfølgjar til «Good Rockin' Tonight.» Denne nådde andreplassen på R&B-lista, der han låg i ein månad.[5]
Remove ads
Andre versjonar
Elvis Presley-versjonen
I 1954 vart «Good Rockin' Tonight» den andre singelen til Elvis Presley på Sun Records, i alg med «I Don't Care if the Sun Don't Shine» på B-sida.[7] Presley og bandet hans spelte ein versjon som låg nærare Roy Brown, men utelukka dei mange personane som vart nemnde i songen, og spelte ein meir enklare «We're gonna rock, rock, rock!»[8]
Songen vart nytta i biografiserien Elvis, med Jonathan Rhys-Meyers som Presley.
Salstrofé
Andre versjonar
- Carl Perkins in 1958 på albumet hans «Whole Lotta Shakin'».
- Link Wray i 1965 under namnet «Good Rockin' Tonight».
- Paul McCartney spelte inn songen for Unplugged (The Official Bootleg) album.
- Montrose spelte inn songen for debutalbumet frå 1973.
- Bruce Springsteen spelte songen i 1978 på Darkness-turneen, vanlegvis som opningsnummeret. Han spelte stundom songen på The River-turneen i 1980-81.[10] Springsteen framførte songen igjen songen for første gongen på 27 år i 2007 under Magic-turneen.
- Ein versjon av Gene Summers kom ut på det franske samlealbumet The Big Beat Show i 1981.
- Contraband, ei supergruppe, spelte ein versjon av songen for det sjølvoppkalla albumet deira i 1991.
- Ricky Nelson spelte inn songen i 1958 for albumet Ricky Nelson.
- Lonnie Lee spelte inn songen i 1993 for albumet Don't Look Back. Versjonen hans er meir gitarbasert rock and roll.
- Wes Paul Gerrard spelte ofte songen på konsertane sine og spelte han inn på albumet Manchester to Memphis i 2010.
- Little Willie Littlefield spelte inn ein versjon i 1982 for albumet Houseparty.
- The Doors spelte inn songen i 1972 for albumet Full Circle under namnet «Good Rockin'».
- Andre versjonar av songen er mellom anna gjort av Buddy Holly, Les Chaussettes Noires, The Treniers, Pat Boone, James Brown, Dread Zeppelin, Commander Cody and His Lost Planet Airmen, Kevin DuBrow og Jerry Lee Lewis.[11]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads