A Date with Elvis

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

A Date with Elvis er det åttande albumet til Elvis Presley, gjeve ut på RCA Victor Records (LPM 2011) i juli 1959. Det består av eit utval av songar som var gjevne ut før og ikkje-utgjevne innspelingar i august 1956 i 20th Century Fox Stage One, to frå Radio Recorders i Hollywood, og fleire innspelingar frå Sun Studio. Albumet nådde 32. plassen på Billboard Top Pop Albums-lista. Det er ikkje lenger i sal på fysisk plate, men finst tilgjengeleg på nettet for nedlasting og strøyming.

Meir informasjon Elvis Presley-kronologi, Singlar frå ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

Innhald

Etter Presley måtte inn i den amerikanske hæren den 24. mars 1958, ønskte RCA Victor og manageren til Presley, Colonel Tom Parker, å halde namnet hans aktivt hos publikum dei to neste åra då han ikkje kunne halde konsertar eller spele i filmar, og gav ut innspelingar frå kvelvet. Det vart arrangert ei innspeling over to dagar i juni, som gav nok songar til fem singelsider. Singelformatet var det kommersielle fokuset for rock and roll i 1950-åra. Fire av desse songane vart gjevne ut på album i 1958 og 1959 medan han var i militærteneste.

Sjølv etter det som var vanleg seint i 1950- og tidleg i 1960-åra, der albuma ofte berre var kring 35 minuttar lange, var dette eit særs kort album på berre 23 minuttar, og vart eit av dei albuma som nådde lågast på salslistene i dette tiåret. RCA gav ut nok eit album i 1959 med tidlegare utgjevne songar, eit samlealbum men det selde enno dårlegare. Presley kom attende til USA i 1960 og gjekk i studio igjen.

Ein annan versjon av albumet, med seks av dei same songane frå originalutgåva, med med 14 songar i alt, kom ut i Australia i september 1959. RCA gav ut dei originale 10 songane frå albumet på CD i 1989.

I 1986 gav The Cramps ut eit heilt anna album som òg heitte A Date with Elvis.

Remove ads

Medverkande

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Britisk, australsk og tysk nyutgjeving

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads