Gornergrat

From Wikipedia, the free encyclopedia

Gornergrat
Remove ads

Gornergrat er ein fjellrygg i Wallis-Alpane i Sveits, oppfor Gornerbreen i sør. Ein kan nå fjellryggen med tannhjulbanen Gornergratbahn frå Zermatt. I tårna på Kulm hotell på 3089 moh ligg Kölner Observatorium für SubMillimeter Astronomie (KOSMA) og fram til 2005 og Gornergrat infraraude teleskop.

Kjappe fakta Land, Fjellkjede ...

Fjellryggen er om lag tre kilometer aust for Zermatt i den sveitsiske kantonen Valais. Gornergrat ligg mellom Gornergletscher og Findelbreen med utsyn til meir enn 20 fjelltoppar over fire tusen meter, mellom dei Monte Rosa, Lyskamm, Matterhorn, Dom og Weisshorn.

Dette er siste stopp på Gornergrat-banen, som opna i 1898 og stig nesten 1500 meter gjennom grenda Riffelalp og Riffelberg. Ved endestasjonen (3089 moh) på sørvestsida av fjellryggen ligg eit hotell. Stasjonen er ein del av Zermatt skiområde. Frå 1958 til 2007 gjekk ei kabelvogn frå Gornergrat over Hohtälli til Stockhorn, som fram til Klein Matterhorn-banen vart bygd, var den høgaste fjellstasjonen i Zermatt.

Remove ads

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads